Fylkesveg 252
Fylkesveg 252 | |||
---|---|---|---|
252 | |||
Ved Tyin hotell | |||
Strekning | |||
Tyin – Eidsbugarden | |||
Informasjon | |||
Lengd | 19,3 km | ||
Status Fylke |
fylkesveg Oppland | ||
Kvalitet | Grusdekke | ||
Restriksjonar | |||
Vinterstenging | Heile vegen (oktober - juni) |
- Sjå òg fylkesveg 252 (fleirtyding).
Fylkesveg 252 (Fv252) er vegstrekninga som går mellom det tidlegare Tyin Hotell og Eidsbugarden. Strekninga er 19,3 km lang. Vegen er normalt vinterstengd, vanlegvis mellom oktober og juni. Fylkesveg 252 er ein av dei få riksvegane som har fått halde grusdekket sidan han har verdi i forhold til Nasjonal verneplan for vegar og bruer. Dei andre er mellom anna fylkesveg 258 (Gamle Strynefjellsveg) og fylkesveg 886 (Bjørnstad–Jacobselv).
Med utgangspunkt ved fylkesveg 53, ved det tidlegare Tyin Hotell ved sørenden av Tyin, går vegen langs den austre breidda av Tyin til Tyinholmen ved nordenden av Tyin og frå der vidare til Eidsbugarden ved austenden av Bygdin.
Vegen vart bygd først på 1950-talet og første bilen køyrte vegen i september 1954. Vegen kom til som ei forlenging av riksvegen mellom Eidsbugarden og Tyinholmen og hadde status som riksveg heilt til forvaltingsreforma trod i kraft 1. januar 2010. Frå denne datoen har han status som fylkesveg.
Kommunar og knutepunkt
endre- 53 Tyin Hotell
- Endepunkt Eidsbugarden