Opna hovudmenyen

Koordinatar: 61°22′31″N 8°17′56″E

Eidsbugarden kring 1890.
Foto: Axel Lindahl/Norsk folkemuseum

Eidsbugarden er ein turiststad som ligg 1 060 meter over havet i vestenden av innsjøen Bygdin i Jotunheimen. Staden har hotell, turisthytte og fleire hytteområde, og er eit ynda utgangspunkt for fjellturistar.

I 1959 vart ei minnestøtte reist på Eidsbugarden til minne om den norske diktaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje, som bygde den fyrste hytta på Eidsbugarden i 1868. Denne hytta var også utgangspunktet for Eidsbugarden Turisthotell, som vart gjenopna sumaren 2006 etter oppussing.

Ved sidan av hotellet ligg DNT-hytta Fondsbu på Eidsbugarden, som har over 9000 årlege overnattingar (2005). Det er også om lag 160 private hytter på Eidsbugarden.

Fylkesveg 252 går inn til Eidsbugarden frå fylkesveg 53 mellom Tyin og Øvre Årdal på sumarstid, medan turistar og hyttefolk blir frakta inn på wieselar (beltebilar) og snøskuter på vinterstid.

Festivalen Vinjerock, med fleire kjende rockeartistar, blir halden på Eidsbugarden i juli/august kvart år.

BakgrunnsstoffEndra