Fylkesveg 53
Fylkesveg 53 | |||
---|---|---|---|
53 | |||
![]() Tyinvegen, vest for Tyin | |||
Strekning | |||
Lærdal – Vang | |||
Informasjon | |||
Lengd | 71,6 km | ||
Status | fylkesveg | ||
Tilstøytande vegar | |||
![]() ![]() | |||
Restriksjonar | |||
Nattestenging | Tyin - Årdal (om vinteren) |
- Sjå òg Fylkesveg 53 (fleirtyding)
Fylkesveg 53 (Fv53) er vegstrekninga som går mellom Tyinkrysset i Vang og Lærdal, via Årdal. Veglengda er 71,6 km, av dette 13,3 km i Oppland og 58,3 km i Sogn og Fjordane.
Strekninga er mest kjend for fjellovergangen Tyin–Årdal, som i utgangpunktet ikkje er vinterstengd, men som kvar vinter har kolonnekjøring eller må stengast mellombels på grunn av uvêr, rasfare eller anna.
Med utgangspunkt ved Tyinkrysset går riksveg 53 av frå E16 ved Tyinkrysset, forbi det tidlegare Tyin Hotell, langs den sørvestre breidda av Tyin, over fjellet og ned til Øvre Årdal, vidare langs den sørlege breidda av Årdalsvatnet til Årdalstangen og så langs den sørlege breidda av Årdalsfjorden før vegen endar i riksveg 5 ca. 1,5 km frå Fodnes ferjekai.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreformen trod i kraft har han status som fylkesveg.
Kommunar og knutepunkt endre
Oppland endre
- Tyinkrysset
- 252 Tyin Hotell, → til Eidsbugarden
- Det høgaste punktet på vegen, 1117 moh.
Sogn og Fjordane endre
- Holsbrutunnelen (95 m)
- Jåtelitunnelene I og II (89 og 106 m) (1 vendetunnel)
- Rausdalstunnelene I og II (97 og 112 m) (vendetunnelar)
- Fv301 frå Øvre Årdal til Hjelle
- Naustbukttunnelen (1060 m)
- Midnestunnelen (1240 m)
- Steiggjatunnelen (1550 m)
- Fv303 frå Årdalstangen til Seimsdalen
- Finnsåstunnelen (2412 m)
- Kolnostunnelen (658 m)
- Naddvik
- Timreskredtunnelen (1011 m)
- Bermålstunnelen (1639 m)