Fylkesveg 519
veg i Rogaland
Fylkesveg 519 | |||
---|---|---|---|
519 | |||
Strekning | |||
Nordbø i Rennesøy – Jelsa i Suldal, størstedels som ferjestrekning | |||
Informasjon | |||
Status | fylkesveg | ||
Ferjestrekningar | 1 | ||
Tilstøytande vegar | |||
- Sjå òg Fylkesveg 519 (fleirtyding)
Fylkesveg 519 (Fv519) går mellom Nordbø i Rennesøy og Jelsa i Suldal, størstedels som ferjestrekning.
Han tar av frå E39 ved Nordbø og går austover til Hanasand, via tunnel under Talgjefjorden, vidare langs sørsida av Finnøya til Judaberg og deretter med ferje over Nedstrandfjorden til Nedstrand og vidare til Jelsa.
30. oktober 2009 vart Talgjefjordtunnelen mellom Rennesøy og Finnøy med arm til Talgje offisielt opna etter at arbeida på vegstrekninga hadde starta i august 2006. Ferjestrekninga mellom Hanasand og Ladstein vart nedlagt same dag[1].
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreformen trod i kraft har han status som fylkesveg.
Kommunar og knutepunkt
endre- Nordbø
- Fv577 frå Nordbø til Fv574 Dalåker (1,3 km)
- Fv575 frå Hanasand til Fv574 Østhusvik (3,5 km)
- Bomstasjon Hanasand (ubetjent, automatisk)[2]
- Talgjefjordtunnelen (5685 m)
Referanse
endre- ↑ «Fest på fredag: Finnfast er ferdig!». Statens vegvesen, nyhetsarkiv. 29. oktober 2009. Henta 22. november 2009.
- ↑ «FINNFAST». Finnfast heimeside. Henta 24. mai 2010.