Finnøy
Tidlegare Finnøy | |
---|---|
Komm.nr. | 1141 |
Fylke | Rogaland fylke |
Slått saman med | Stavanger kommune |
Dato for samanslåing | 1. januar 2020 |
Adm.senter | Judaberg |
Areal | 104 km² |
Folketal ved samanslåing | 3 197 |
Politikk | |
Siste ordførar | Henrik Halleland (KrF) |
Målform | nynorsk |
Nettstad | finnoy.kommune.no |
Finnøy er ein tidlegare øykommune i Rogaland fylke. Kommunen vart slått saman med Stavanger kommune 1. januar 2020. Øyane ligg inst i Boknafjorden, 13 nautiske mil nord for Stavanger. Kommunen hadde grenser mot Hjelmeland på Ombo. Totalt landareal var 104 km².
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Finnøy (fleirtyding).
Judaberg var administrasjonssenter i kommunen. Folketalet per 1. januar 2018 var 3 197. Siste ordførar var Henrik Halleland.
Dei aller fleste innbyggjarane bur på 15 av øyane. Om lag halvparten av folkesetnaden bur på sjølve Finnøy, etter Finnøy har Sjernarøyane størst folketal. Tettstaden Judaberg på Finnøy er kommunesenter.
Kommunikasjonar
endreReising mellom øyar og ut av kommunen har tradisjonelt føregått med ferjer og hurtigbåtar, men Finnøy og Talgje blei landfaste med Finnfast i 2009. Året etter blei òg brua mellom Nord-Talgje og Tjul opna, noko som inneber at seks av sju øyer på Sjernarøyane er bundne saman med veg.
Fortid
endreEin har funne mange minne frå tidlegare tider i kommunen. Det eldste funnet er bein frå ein isbjørn som er rundt 10 600 år gammalt. Den eldste buplassen, på Bjergøy i Sjernarøyane, er 5-6000 år gammal.
Av dei ni mellomalderkyrkjene i Rogaland har Finnøy to. Talgje kyrkje frå rundt 1140 på Talgje og Hesby kyrkje frå rundt 1200 ligg på Finnøya. Sjernarøy kyrkje på Kyrkjøy er ei renessansekyrkje frå 1637.
Huset til utvandrarpioneren Cleng Peerson står på Kindingstad ved Ladstein på Finnøy.
Næringsliv
endreHovudnæringane på øyane er jordbruk, havbruk og turisme. Nesten 50 % av dei sysselsette arbeider innanfor landbruk. Tomatdyrking har ein særskild plass i økonomien. Eggproduksjon er òg viktig med 155 000 verpehøns i kommunen i 2003.
Tusenårsstad
endreFinnøy sin tusenårsstad er Teigen amfi, planlagt av Heidi K. Urtegård, offisielt opna 5. juni 2005. Det ligg i Teigen friluftsområde, og er eit 90 dekar stort skogsområde med turstiar og variert vegetasjon. Amfiet blir brukt til kulturelle arrangement.
Kjende finnøybuar
endre- Ogmund Finnsson frå Hesby, som var drottsete og styrte Noreg for danskekongen i to periodar på 1300-talet, har minnesmerke ved Hesby kyrkje.
- Asgaut Regelstad var med i Eidsvollsforsamlinga i 1814, og er òg minna ved Hesby kyrkje
- Niels Henrik Abel (1802-1829) vart fødd på Finnøy prestegard, og vart sidan ein framifrå matematikar (minnesmerke ved prestegarden)
- Alfred Hauge frå Kyrkjøy var ein velkjend etterkrigsforfattar, og er minna ved Sjernarøy kyrkje
- Kolbjørn Hauge, forfattar
Bakgrunnsstoff
endre- Finnøy kommune sine heimesider Arkivert 2020-07-15 ved Wayback Machine.