Fylkesveg 830
830
Strekning
Finneid – Sulitjelma i Fauske
Fylkesveg 830
Riksveier Nordland.svg
Informasjon
Lengd 35,7 km
Status fylkesveg
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 830

Fylkesveg 830 (Fv830) går mellom Finneid og Sulitjelma i Fauske kommune. Veglengda er 35,7 km.

Vegen tar av frå E6 ved Finneid og går i søraustleg retning til Sulitjelma. Vegen vart lagt der jernbanespora til Sulitjelmabanen (nedlagt i 1972) tidlegare hadde gått. Arbeidet med å førebu jernbanetraseen til biltrafikk byrja 2. juli 1971. I løpet av tre veker frå 24. juli 1972 vart skinnegangen riven og vegen gjort køyrbar. Vidare arbeid med vegen (mellmm anna utstrossing av tunnelane) vart utført fram til 1975.[1]

Vegen er føreslått verna i Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg. Etter at forvaltingsreforma trod i kraft har han status som fylkesveg.

Kommunar og knutepunktEndra

 
Grønnlifjelltunnelen

  Nordland Endra

Fauske kommune
  •   Finneid
  •   Grønnlifjelltunnelen (2811 m)
  •   Hårskoltentunnelen (2425 m)
  •   Sjønståfjelltunnelen (2827 m)
  •   Stokkviknakkentunnelen (568 m)
  • Fv543 frå Sandnes i Sulitjelma til Jakobsbakken (9,4 km)

KjeldeEndra

  1. Erling Svanberg: Langs veg og lei i Nordland - Samferdsel gjennom 3000 år. Nordland fylkeskommune, Bodø 1990. ISBN 82-7416-021-5

BakgrunnsstoffEndra