Göteborgs skjergard
(Omdirigert frå Göteborgs sørlege skjergard)
Göteborgs skjergard ligg utanfor kysten av Göteborg, den nest største byen i Sverige. Dei har kring 5000 fastbuande og om sommaren ytterlegare 6000 innbyggjarar. Øyane er heilt bilfrie og transport består av syklar, mopedar, elektriske bilar og ferjer.
I norrøn saga vert dei omtalte som Elfarsker, elveskjera, sidan elva Göta älv renn ut her. Øyane ser ut til å ha vore ein populær stad for holmgangar i vikingtida.
Sagaer der staden vert nemnd er:
Ei av øyane, Brännö, er skildra som ein viktig stad for marknader i Laksdøla saga, og vert ?go rekna som ein sannsynleg stad for bustaden til Breca og brondingane i dei angelsaksiske dikta Widsith og Beowulf.
- Köpstadsö vert ofte kalla Kössö. Ho er ei lita øy med smale stiar.
- Styrsö: i 1830-åra bygde familien Öberg eit gjestehus her. Dette var starten på ein badestad, som vart utvida raskt då dampbåtane kom til området i 1867.
- Donsö er ein viktig fiske- og skipsreiarstad. Hamna er senteret på øya.
- Vargö har vore eit naturreservat sidan 1986. Det varierte havlandskapet har eit variert planteliv.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Southern Gothenburg Archipelago» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Göteborgs skjergard
- Go Boating: Göteborgs skjergard Arkivert 2010-01-10 ved Wayback Machine.