GNU-prosjektet vart skipa i 1984 av Richard M. Stallman med målsetjing om å utvikle eit komplett og fritt Unix-aktig operativsystem . GNU er eit rekursivt akronym for GNU's Not Unix, med dette meinast at GNU er eit heilt nytt operativsystem utan noko felles programkode med Unix. Prinsippa bak GNU er derimot like med Unix og systema er i stor grad kompatible.

GNU-prosjektet har ein Gnu som maskot

Heilt sentralt i GNU-prosjektet er tanken om at programvare bør vera fri, det vil seie at brukarar har rett til å ha tilgang til programkoden, kunne endre denne og gje den vidare til andre og til og med selje den til andre. For å sikre dette vart GNU General Public License (GPL) programvarelisensen utarbeidd.

GNU-prosjektet er styrt av Free Software Foundation (FSF) som vart skipa i 1985 av Richard Stallman. FSF jobbar med å støtte GNU-prosjektet, lisensiering, vern og å fremje bruken av fri programvare.

Operativsystemkjernen i GNU systemet, GNU Hurd er derimot mindre kjend, og er ikkje brukt noko særleg. Langt vanlegare er det å bruke GNU-programvare saman med Linux-kjernen. Slike system kallast av nokon for GNU/Linux for å kreditere GNU-prosjektet. GNU-programvare blir også brukt i andre operativsystem, da særleg Unix-liknande operativsystem som *BSD, men også heilt ulike operativsystem som Microsoft Windows.

GNU programvare

endre

Bakgrunnsstoff

endre