Gnu
pattedyrslekt
- For programvareprosjektet, sjå GNU.
Gnu er ei slekt av store klauvdyr med vitskapleg namn Connochaetes. Dei har ein kort, tjukk hals og smalt hovud. Begge kjønn har horn som snor seg innover, men kua har mindre horn enn oksen. Dei kan ha ei skulderhøgd på 1,15-1,4 meter, og veg mellom 150 og 250 kg. Dyra kan bli over tjue år gamle.
Gnu | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av gnu | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Kvegdyr Bovidae |
Underfamilie: | Alcelaphinae |
Slekt: | Gnu Connochaetes Lichtenstein, 1812 |
Gnuane lever i store flokkar med mange kyr og ein hann (typisk ein hann til 150 hoer). Dei held til på savannen og i opne skogar i det sørlege Afrika, særleg Serengeti. Dei kan springa opptil 50 km om dagen.
Artar av gnu
endre- Kvithalegnu (Connochaetes gnou)
- Stripegnu (Connochaetes taurinus)
Bakgrunnsstoff
endre- Gnu ved Vår vidunderlige verden (vulkaner.no)