GRU

Russisk militær etterretningsteneste

GRU (russisk ГРУ, akronym av Гла́вное Разве́дывательное Управле́ние, Glavnoje Razvedyvatelnoje Upravlenije (norsk: 'Hovuddirektorat for etterretningstenesta') var Sovjetunionen si militære etterretningsteneste. Frå 2017 heiter det berre Hovuddirektoratet. Dei fleste, jamvel dei fleste russarar, nyttar likevel framleis den gamle nemninga: GRU.

GRU

Skipa7. mai 1992
HovudkontorGrizodubovoy Street
LeiarIgor Kostyukov
Tilsette12 000 (2014) Sjå dette på Wikidata
MottoВеличие Родины – в Ваших славных делах, In Euren ruhmreichen Taten liegt die Größe des Vaterlandes, Greatness of the Motherland in your glorious deeds
Nettstadhttp://structure.mil.ru/structure/ministry_of_defence/details.htm?id=9711@egOrganization Sjå dette på Wikidata
GRU sitt emblem – militær etterretning og SPETSNAZ.

GRU vart oppretta i 1918 av Lenin for å ta hand om all militær etterretning. Det opererte gjennom underavdelingar over heile verda, mellom anna i signaletterretningsstasjonen på Cuba og i det tidlegare Sovjetunionen, særleg i Litauen og Latvia. Vidare hadde GRU plassert offiserar på dei fleste sovjetiske ambassadar, og desse hadde ansvar for innsamling av etterretningsmateriale og samarbeid med, eventuelt motarbeiding av, dei lokale etterretningstenestene.

GRU har mellom anna det overordna operative ansvaret for spesialstyrkene (SPETSNAZ). Av kjende GRU-agentar kan nemnast svenske Stig Wennerström.

Emblem endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: GRU