Gaétan Boucher (fødd 10. mai 1958) er ein kanadisk tidlegare skeiseløpar frå Québec City. Han vann i 1984-sesongen to OL-gull og VM i sprint.

Gaétan Boucher

Statsborgarskap Canada
Fødd 10. mai 1958 (65 år)
Québec
Yrke skøyteløpar, kortbaneløper
Høgd 171 centimeter
Gaétan Boucher på Commons

Boucher vart nummer to i verdsmeisterskapane i sprint 1979 og 1980, begge gongane slått av suverene Eric Heiden. Andremann vart han også på 1000 meter under Vinter-OL 1980 i Lake Placid, også då bak Heiden. Den 31. januar 1981 sette Boucher i Davos verdsrekord både på 1000 meter med tida 1.13,39 og sprint-firkamp med 148,745 tidspoeng. Ved sprint-VM 1982 i Alkmaar vart han nest best i ein sprintmeisterskap for tredje gong, då bak Sergej Khlebnikov frå Sovjetunionen.

Under Vinter-OL 1984 i Sarajevo tok Boucher bronsemedaljen på 500 m, sidan vart han olympisk meister på 1000 m og deretter 1500 m, begge gongane viste han nemnde Khlebnikov til sølvplass. Vel to veker etter olympiaden var over, vann Boucher nok ei tevling mot Khlebnikov. Då sprint-VM 1984 fann stad i Trondheim skilde det fattige 0,010 tidspoeng i Bouchers favør, tilsvarande to hundredels sekund på den avgjerande 1000-meteren.

I 1985 tok Boucher sitt fjerde VM-sølv i sprint, den komande stormeisteren i sprint, Igor Zjelesovskij tok sin fyrste VM-tittel.

Boucher vann VM i kortbaneløp i 1977 og 1980. I 1982 enda han på niandeplass i skeise-VM i full firkamp.

Kjelder endre