Sergej Khlebnikov
Sergej Anatoljevitsj Khlebnikov (27. august 1955–12. juni 1999) var ein skeiseløpar frå Sortavala som representerte Sovjetunionen. Han vart sprint-verdsmeister i 1982 og vann elles to OL-sølv og to sølvplassar i sprint-VM i tida 1981-84.
Sergej Khlebnikov | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 27. august 1955 Sortavala |
Død | |
Idrett | lengdeløp på skeiser |
Tok del i |
Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1980, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1984 – 1000 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1984 – 1500 meter herrer |
Utmerkingar |
Idrettens mester i Sovjetunionen |
Khlebnikov vart andremann då sprint-VM 1981 fann stad i Grenoble, 0,400 poeng bak norske Frode Rønning. Året etter vart Khlebnikov verdsmeister i skeisesprint i Alkmaar, etter eit jamnt oppgjer mot Gaétan Boucher fra Canada.
Under Vinter-OL 1984 i Sarajevo kom Khlebnikov på andreplassen både på 1000- og 1500 meter, på begge distansane måtte han sjå seg slått av Gaétan Boucher. I verdsmeisterskapen i sprint 1984 i Trondheim trekte Boucher enno ein gong det lengste strået, og vann VM-tittelen med minimal margin; 0,010 tidspoeng, eller to hundredels sekund på 1000 meter.
Khlebnikov drukna i Moskva, i sitt 44. år.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Sergej Khlebnikov» frå Wikipedia på bokmål, den 14. november 2016.
BakgrunnsstoffEndra
- «Sergey Khlebnikov» (på engelsk). Olympedia. Henta 7. februar 2022.