Gabriel Auguste Daubrée
Gabriel Auguste Daubrée (25. juni 1814–29. mai 1896) var ein fransk geolog og mineralog. Dei eksperimentelle undersøkingane hans over danninga av mineral og metamorfosen til bergartar var viktige og grunnleggande. Han studerte òg samansettinga og klassifikasjonen av meteorittar.
Daubrée var fødd i Metz og utdanna ved École Polytechnique i Paris. 20 år gammal var han utdanna gruveingeniør og i 1838 vart han leiar av gruvene i Bas-Rhin (Alsace) og så professor i mineralogi og geologi ved Vitskapsfakultetet i Strasbourg. I 1859 vart han sjefsingenør for gruvene og i 1861 geologiprofessor ved Museum d'Histoire Naturelle i Paris og vald inn i Det franske vitskapsakademiet. Året etter vart han professor i mineralogi ved École des Mines og i 1872 direktør for skulen. I 1880 gav Geological Society i London han Wollaston-medaljen. Han var òg medlem av Det svenske vitskapsakademiet frå 1892.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gabriel Auguste Daubrée» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mai 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.