Gabriel Jonassen (29. august 177910. oktober 1870) var ein norsk gardbrukar, skipsreiar, kjøpmann og stortingsmann frå Høyland i Rogaland.

Gabriel Jonassen
Fødd 29. august 1779
Høyland
Død

10. oktober 1870 (91 år)
Stavanger kommune

Yrke politikar, reiar, bonde

Han var son til ein lensmann og gardbrukar. I unge år fekk han undervisning heime hos presten i bygda. Han dreiv både skipsreiarlag og salta sild for sal. I 1812 tok han borgarskap i Stavanger, men busette seg i byen fyrst i 1833. Han tok over farsgarden i Høyland, og arva elles eit par andre bruk på Jæren. Kyrkja i Sandnes by vart sidan bygt på eit av desse bruka.

Jonassen var medlem av bystyret i Stavanger 1838-50. Elles hadde han få verv, han «var ved sine træffende vittigheter for meget kritisk til at man turde bruke ham». Han var allereie i unge år ein rik mann, og gjekk under tilnamnet «Lorden av Jæren».

Jonassen var 2. representant frå Stavanger amtStortinget 1818. Han var medlem av Lagtinget og tolv komitear. Mellom komiteane var ein om Ålesund sin handel på Danmark og Sverige, ein annan om handelsflagget og elles andre om lærarseminar og lærarløner, om allmugeskulelova og om utskiftingslova.

Han døydde i Stavanger i 1870.

KjelderEndra