Opna hovudmenyen

Gabriele Oriali

italiensk fotballspelar

Gabriele Oriali (fødd 25. november 1952) er ein italiensk fotballspelar frå Como i Italia. Oriali har spela 28 landskampar for det italienske landslaget, og spela midtbane på laget som vann finalekampen under VM i fotball 1982. Han vart italiensk serievinnar med Inter i 1980, og vann to italienske cupmeisterskap. Han la opp som spelar i 1987.

Gabriele Oriali
Gabriele Oriali 2011.jpg
Personleg informasjon
Fødselsdato 25. november 1952 (66 år)
Fødestad Como i Italia
Høgd 176 cm
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1970-1983 Inter 277 (33)
1983-1987 Fiorentina 107 (7)
Totalt 382 (40)
Landslag
1978-1983 Italia 28 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KlubbspelEndra

Oriali debuterte for Inter i 1970/71-sesongen. Allereie i hans fyrste sesong vann klubben den italienske serien, men for Oriali vart det berre to seriekampar. Den nestkomande sesongen spela han seg inn i fyrsteellevaren, og var med på laget som tapte 2-0 for Ajax Amsterdam i finalen i Europacupen 1972. Han spela oftast i ein defensiv midtbaneposisjon, men kunne òg vere midtstoppar og sågar libero. Oriali vart ein nøkkelspelar i Inter, kjent for ein energisk spelestil. Han var med å verte cupmeister i 1978, meister i Serie A i 1980 og cupvinnar på ny i 1982. For Inter spela han fram til sommaren 1983, i alt gjorde han 277 kampar og 33 mål for klubben. Deretter spela han i fire sesongar for Fiorentina. Han la opp i 1987, stod då med 107 kampar og sju mål for klubben frå Firenze.

LandslagsspelEndra

Oriali debuterte for Italia i ein vennskapslandskamp mot Spania 21. desember 1978, Italia vann 1-0. Han var med i troppen til EM i fotball 1980 på heimebane, men fekk minimalt med speletid for heimelaget som vart nummer fire i meisterskapen. Under VM i fotball 1982 fekk han plass i startellevaren i kampen mot Kamerun, den tredje kampen i turneringa. Italia hadde spela heller svakt i dei fyrste kampane. Sidan i meisterskapen hadde Oriali fast plass i startellevaren og var med å slå Vest-Tyskland 3-1 i finalen i Madrid. Oriali spela sin 28. og siste landskamp 29. mai 1983 mot Sverige, ein kamp som enda med 0-2-tap for Italia. Han skåra sitt einaste landslagsmål då han vart matchvinnar i 1-0-kampen mot Sverige i Firenze i 1979.

MerittarEndra

  • VM-gull 1982 for Italia
  • Italiensk seriemeister 1980 med Inter
  • Italiensk cupmeister 1978 og 1982 med Inter
  • Sølvmedaljar i Europacupen 1972 med Inter

KjelderEndra