Galatasaray
Galatasaray Spor Kulübü er eit tyrkisk idrettslag på den europeiske sida av Istanbul. Idrettslaget er særleg kjend for sine fotballag og basketballag. Galatasaray deltek med utøvarar også i friidrett, handball, hestesport, judo, roing, segling, symjing, vasspolo, volleyball, tennis, samt bridge og rullestol-basketball.
Galatasaray Spor Kulübü | |||
Fullt namn | Galatasaray | ||
---|---|---|---|
Grunnlagd | 1905 | ||
Heimebane | Türk Telekom Arena i Istanbul (Kapasitet: 52 650) | ||
Styreleiar | Burak Elmas | ||
Hovudtrenar | Domènec Torrent | ||
Liga | Süper Lig | ||
|
Galatasaray Spor Klubü blei stifta av Ali Sami Yen og studiekameratar på Galatasaray-gymnaset den 17. oktober 1905.
Fotball
endreGalatasaray er det einaste tyrkiske fotballaget som har vunne ei stor europeisk fotballturnering. I 2000 vann klubben UEFA-cupen. Finalemøttet mellom engelske Arsenal og Galatasaray fann stad i København 17. mai 2000. Ingen av laga hadde skåra etter 120 minuttars spel, straffeskytinga enda med 4-1 til det tykiske laget. Noko etterpå vann laget den såkalla Supercupen. Klubben har vunne den tyrkiske seriemeisterskapen 19 gongar, og 14 gongar sigra i den nasjonale cupmeisterskapen.
Sidan januar 2011 har fotballaget spela heimekampane på nybygde Türk Telekom Arena. Fram til dess var Ali Sami Yen med plass til knappe 24&nsbp;000 tilskodarar heimebane til klubben.
Basketball
endreGalatasaray sitt basketballag for kvinner vann FIBA Eurocup i 2009.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Galatasaray» frå Wikipedia på bokmål, den 16. juli 2010.