Galina Maltsjugina

Galina Vjatsjeslavovna Maltsjugina (fødd 17. desember 1962) er ein russisk tidlegare sprintar som under Friidretts-VM 1993 vann gull i 4 x 100 m stafett og ved VM 1995 bronsemedaljen på 200 meter. Ho tok elles to bronsar på 200 m i europameisterskap og heile fem sølv-/bronse-medaljar i stafett-løp i store internasjonale meisterskap.

Aktiv endre

Maltsjugina var 25 år gammal då ho under sommarleikane 1988 i Seoul deltok på Sovjetunionen sitt bronselag i 4 x 100 m stafett, få dagar etter ho var med i finalen på spesialdistansen 200 meter. To år seinare sprang ho inn til bronse på 200 m ved europameisterskapen i Split. I 1991 vart ho nummer fem på 200 m og ho vann sølv på stafetten ved verdsmeisterskapen i Tokyo. Også under Sommar-OL 1992 i Barcelona var ho med å vinne sølv i 4 x 100 m stafett.

Saman med Olga Bogoslovskaja, Natalia Pomosjtjnikova-Voronova og Irina Privalova vart Maltsjugina verdsmeister i 4 x 100 meter stafett då VM 1993 vart avvikla i Stuttgart, dei representerte då Russland. Frå EM 1994 i Helsinki reiste Maltsjugina heim med ein sølvmedalje og ein bronsemedalje, frå høvesvis stafetten og 200-meteren. Sesongen etter vann ho bronsen på yndlingsdistansen ved VM i Göteborg, klart bak gullvinnar Merlene Ottey og si eiga landskvinne Irina Privalova.

Den 4. juli 1996 presterte Maltsjugina personbeste på 200 meter med tida 22,18 sekund ved eit stemne i St. Petersburg. Under dei olympiske leikane i Atlanta nokre veker seinare glapp medaljane på både på 200 meter og i stafett, ho enda opp med ein fjerde- og femteplass. Etter å ha vunne bronse med Russlands stafettlag i EM 1998 la ho opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Dottera Julija Tjermosjanskaja var med om å vinne 4 x 100 meter stafett under Sommar-OL 2008.

Kjelder endre