Galindisk
Galindisk | ||
Klassifisering: | Indoeuropeisk Baltoslavisk Vestleg baltisk | |
Bruk | ||
Utdøydd: | 1300-talet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3: | xgl |
Galindisk er eit utdøydd språk, vanlegvis rekna å ha høyrt til den baltiske språkfamilien. Galindisk var mykje likt gamalprøyssisk. Det finst ingen skrifter som er tekne vare på av språket.
Den vestbaltiske språkgruppa som galindisk høyrer til, døydde ut av di gamalprøyssarane og galindarane vart assimilerte etter den tyske krossriddarinvasjonen av Baltikum. På tilsvarande vis vart sudovarane assimilerte av litauarane. Det sudoviske kongedømet tilsvarte den litauiske delen av Suvalkia.