Galleri Nils Bergslien

Galleri Nils Bergslien er eit museum i tettstaden Eidfjord i Eidfjord kommune. Muséet syner fram verk av kunstmålaren Nils Bergslien (1853–1928), som var vossing, men som vart gift i Eidfjord der han budde det meste av livet til han døydde i 1928. Tomta hans, Bergsliskorane, vart òg kjøpt opp av kommunen og gjort til kulturminne.

I 1980 var det dødsbuauksjon etter Odd og Gjertina Bergslien, son og sonekona hans Nils. Her kjøpte kommunen fleire gjenstandar og kunstverk av målaren. I åra som kom gjorde kommunen fleire innkjøp, som i 1985, då dei heldt fram med innkjøp av 15 Bergslien-måleri av Ewald Galtung Døsvig i Bergen. Huset der 12 av bileta hang, skulle rivast for å gje plass for utviding av Hotell Norge i Bergen. Tre av desse bileta hadde vore på rull i 70 år, og hadde ikkje vorte synt fram tidlegare.

Framleis får kommunen tilbod om å kjøpa bilete frå ulike auksjonsbyrå. I 1996 inneheldt Bergslien-samlinga til kommunen 47 måleri innan ulike teknikkar og 11 gipsmodellar. Størsteparten av samlinga har vorte restaurert og reinsa av kommunen.

Galleri Nils Bergslien opna i 2001 og ligg i tilknyting til Hotel Vøringfoss i Eidfjord. I tillegg til Bergslien-måleria, har det òg eit rom for skiftande utstillingar av andre kunstnarar. Galleriet har sommarope med gratis inngang.

Kjelder og bakgrunnsstoff endre