Gamburtsevfjella (òg kalla Gamburtsev subglasiale fjellkjede) er ei subglasial fjellkjede aust i Antarktis, nær Dome A.[1] Fjellkjeda vart oppdaga av Den tredje sovjetiske antarktisekspedisjonen i 1958 og er kalla opp etter den sovjetiske geofysikaren Grigorij A. Gamburtsjov.[2][3] Ho er kring 1200 km lang, og sjølve fjella er kring 2700 meter over havet,[4] men er dekt med over 600 meter is og snø. Ein trur at Gamburtsevfjella har omtrent same storleik som Alpane i Europa, og det er så langt usikkert korleis dei oppstod, men ein trur at fjella er meir enn 34 millionar år gamle[5] og kanskje opp mot 500 millionar år gamle.[4] Datamodellar indikerer at Det austantarktiske isdekket vart danna frå isbrear som starta å flyte ned frå Gamburtsev-fjella mot slutten av eocen.[1] Vostok subglasiale høgland er ei austleg forlenging av Gamburtsev subglasiale fjellkjede.[6]

Gamburtsevfjella
fjellkjede
Land  Antarktis
Region Aust-Antarktis
Stad Princess Elizabeth Land
 - koordinatar 80°30′S 76°00′E / 80.500°S 76.000°E / -80.500; 76.000
Høgaste punkt
 •  høgd 3 400 moh.
Lengd 1 200 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Gamburtsevfjella
80°30′S 76°00′E / 80.5°S 76°E / -80.5; 76
Gamburtsevfjella is located in Antarktis
Gamburtsevfjella (Antarktis)

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Jonathan Amos (13. desember 2006). «Survey targets 'ghost' mountains». BBC. Henta 28. februar 2013. 
  2. Australian Antarktis Data Centre (1. januar 2000). «Gamburtsev subglasiale fjellkjede». Australian Government i Antarctic Division. Arkivert frå originalen 20. september 2007. Henta 28. februar 2013. 
  3. «20 лет открытию Полюса недоступности Антарктиды: Метеорология и Гидрология. 1979, №3. Гидрометеоиздат.» (på russisk). Arktisk og antarktisk forskingsinstitutt. Arkivert frå originalen 10. mars 2007. Henta 28. februar 2013. 
  4. 4,0 4,1 Robin E Bell (28. februar 2013). «Dispatches frå Bottom av Earth: An Antarctic Expedition in Search of Large Mountains Encased in Ice». Scientific American. Henta 28. februar 2013. 
  5. The Gamburtsev mountains and the origin and early evolution av Antarktis Ice Sheet, Sun Bo, Martin J. Siegert, Simon M. Mudd, David Sugden, Shuji Fujita, Cui Xiangbin, Jiang Yunyun, Tang Xueyuan & Li Yuansheng; Nature magazine 459, 690-693 (2009-06-04), accessed 2009-06-09
  6. Vostok Subglacial Highlands: Antarktis geographic.org