Gamle Fylkesveg 573 i Sogn og Fjordane

veg i Sogn og Fjordane
Sjå òg fylkesveg 573 (fleirtyding).

Fylkesveg 573 i Sogn og Fjordane var ei nemning for fylkesvegen mellom Isane ferjekai og Bortne i Bremanger kommune på 34,7 km. Vegen vart opna i 1978.

Traséen mellom Isane og Kollsete vart skilta om til Riksveg 616 gjeldande frå 1. januar 2002 som del av fyrste fase av Bremangersambandet. Det same året vart riksvegen kopla til resten av Rv 616 med ny bru til Rugsundøyna og vidare ny undervasstunnel Skatestraumtunnelen til Bremangerlandet. Med dette vart den nye veglengda til Fylkesveg 573 i Sogn og Fjordane 6,6 km.

Den 16. mai 2013 vart den nye Bortnetunnelen mellom Bortne og 614 Hanslia opna som del av Bremangersambandet, saman med oppgradert tofelts veg mellom Bortne og Kollsete og ny trasé gjennom Bortne og Lofnes. I samband med dette fekk den gamle Bortnetunnelen det nye namnet Holnestunnelen. Med dette vart det aller meste av vegen del av fylkesveg 616, bortsett frå:

  • 83 meter veg i Lofnes, no veg mellom Blålidvegen og bustadhus.
  • 45 meter vegbru i Bortne
  • 72 meter veg i Bortne, mellom gamle vegbrua og det gamle endepunktet i privatveg gjennom Bortnedalen.

I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet, og begge vegstubbane vart omklassifiserte til private vegar. Samstundes fekk vegbrua den nye nemninga Fylkesveg 5820, og Fylkesveg 573 i Sogn og Fjordane vart borte for godt.[1]

Kommunar og knutepunkt

endre

  Bremanger

Før 2002

Endepunkt frå 2002

  • 616 Kollsete
  • Leirgulen
  •   Bortnetunnelen (ca. 400 m)
  • Endepunkt Bortne

Kjelder

endre
  1. «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022.