Tjuvjo

fugleart
Tjuvjo
Tjuvjo
Tjuvjo
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær trugaUtbreiinga av Tjuvjo
Utbreiinga av Tjuvjo
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Jofamilien Stercorariidae
Slekt: Stercorarius
Art: Tjuvjo S. parasiticus
Vitskapleg namn
Stercorarius parasiticus

Tjuvjo, Stercorarius parasiticus, er ein fugl i jofamilien.

UtbreiingEndra

Tjuvjoen hekker på tundra og i kystnære strøk både i det nordlege Stillehavet og i Atlanterhavet. I Europa er arten vanleg på Island, Færøyane og det nordlege Skottland og på den norske fastlandskysten frå Sør-Noreg og nordover. Fuglen førekjem også spreidd langs Austersjøen og Bottenvika, og på øyane i Barentshavet.

Førekomst i NoregEndra

Arten er ein utprega kystfugl, som finst vanleg frå Møre og Romsdal og nordover. I Nord-Noreg også i større, men spreidde koloniar. Fuglane held seg til vanleg nær sjøen, men er også funnen eit godt stykke frå havet på Varangerhalvøya. I sør finst fuglen lite vanleg somme stader, som på Vestlandet sør til Boknafjorden, på Skagerrakkysten og i ytre Oslofjorden. Kring 1990 vart den norske hekkebestanden rekna til kring 5000-10 000 par. Fuglen er truleg i tilbakegang i Sør-Noreg.

HekkingEndra

 
Tjuvjoegg

Tjuvjoane hekker seint, og dei fleste egga vert lagde i juni, to veker tidlegare i Sør-Noreg enn nordpå. Til vanleg legg hoa to egg. Ruginga varer 26 døgn. Denne tida driv foreldra ofte med avleiingsmanøvrar, med ynkelege pipelydar og såra åtferd, men når ungane er klekte er dei vaksne fuglane til dels svært aggressive. Ungane kan flyge etter om lag ein månad, og held seg i denne tida i territoriet. Fuglane hekker første gong når dei er 3-5 år gamle, og lever gjerne i livslange monogame tilhøve.

TrekktilhøveEndra

Arten er ein utprega trekkfugl, som flyg helt sør til farvatn langs kysten av Sør-Afrika og Sør-Amerika der fuglane held seg når det er vinterhalvåret i nord. Dei fleste norske tjuvjoane dreg frå hekkeplassane i september og kjem attende til Sør-Noreg seint i april, til Nord-Noreg i mai. Utanom hekketida viser tjuvjoane ein pelagisk livsførsel, oftast kvar for seg, men også i mindre grupper på 2-3 individ. På denne tida er det særleg alkefuglar , mindre måsar og terner som vert utsette for tjuvjoar som prøvar å rane til seg bytte.

KjelderEndra

  • Norsk Fugleatlas, 1994.