Gan
Gan er ei gruppe kinesiske dialektar tala i større delar av nordre og sørvestre Kina. Måla er særleg typiske for Jiangxi-provinsen, og blir også kalla Jiangxi-dialekt. Ein finn også talarar nordvest i Fujian og i nokre delar av Anhui og Hubei.
Gan 贛語/赣语, gan/gon ua) | ||
Klassifisering: | sino-tibetansk sinititsk kinesisk gan–hakka | |
Talarar: | Ganfolk (hankinesarar) | |
Bruk | ||
Område: | Sentrale og nordlege Jiangxi, austlege Hunan, delar av Fujian, Anhui og Hubei | |
Gantalande i alt: | 20 millionar (1984)[1] | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3: | gan |

Kart over utbreiinga av sinittiske språk der gan er avmerkt i gult.
KlassifiseringEndra
Som mange andre språk i Kina har gan vore rekna som ein dialekt av kinesisk av forskarar og styresmakter der. Det har same skriftspråk som mandarin, men talarar av dei to måla vil ikkje forstå kvarandre. Språkforskarar klassifiserer gjerne gan som eit eige språk, eller eit språk i lag med hakka, «gan-hakka».
SkildringEndra
Gan er eit tonespråk som har fem tonar, i tillegg til to tonar som er like to andre men som endar med konsonantlyden /t/ eller /k/.
DømeEndra
norsk | gan[2] | IPA | mandarin (pinyin, IPA)[3] |
---|---|---|---|
eg | 我 | ŋo | wǒ, uɔ˨˩˦ |
du | 汝 | n̩ | nǐ ni˨˩˦ |
me | 我俚 | ŋo li | wǒmen, uɔ˨˩mən |
de | 汝俚 | n̩ li | nǐmen, ni˨˩mən (uformelt) nínmen nɪn˧˥mən (formelt) |
ein | 一 | it | yī, ji˥˥ |
to | 二 | o | èr, aɻ˥˩ liǎng liaŋ˨˩˦ |
tre | 三 | san | sān, san˥˥ |
fire | 四 | sɿ | sì, sɨ˥˩ |
fem | 五 | ŋ̍ | wǔ, wu˨˩˦ |
dyr | 頭牲 | tʰɛu saŋ | dòngwù, tʊŋ˥˩wu˥˩ |
fisk | 魚 | ɳiɛ | yú, y˧˥ |
fugl | 雀子 | ʨʰiok ʦɿ | niǎo, niau˨˩˦ |
tre | 樹 | su | shù, ʂu˥˩ |
blome | 花 | fa | huā, xua˥˥ |
vatn | 水 | sui | shuǐ, ʂuei˨˩˦ |
å gå | 行, 走 | haŋ, ʦɛu | zǒu, tsou˨˩˦ |
å symja | 頑水 | uan sui | yóuyǒng, iou˧˥yʊŋ˨˩˦ |
å eta | 喫 | ʨʰiak | chī, tʂʰɚ˥˥ |
BakgrunnsstoffEndra
KjelderEndra
- ↑ Chinese, Gan ved ethnologue.com
- ↑ Etter Gan Swadesh list ved Wikitionary. Uttalen byggjer på Nanchang-uttale.
- ↑ Etter Mandarin Swadesh list ved Wikitionary.
Denne språkartikkelen som har med Kina å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.