Gan HaDarom
Gan HaDarom (hebraisk skrift גַּן הַדָּרוֹם, tyder 'Den sørlege hagen') er ein moshav sør i Israel. Han ligg på kystsletta nær Ashdod og høyrer til Gederot regionale kommune.
Gan HaDarom | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Gederot | ||
Del av | Det sentrale distriktet i Israel | ||
Koordinatar | 31°48′15.12″N 34°42′3.95″E / 31.8042000°N 34.7010972°E | ||
Folketal | 563 (2015) | ||
Grunnlagd | 1953 | ||
• Grunnlagd av | Irakiske jødar immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Jordbruksunionen | ||
Gan HaDarom 31°48′15″N 34°42′04″E / 31.8042°N 34.701097222222°E | |||
Kart som viser Gan HaDarom.
| |||
Wikimedia Commons: Gan HaDarom |
Historie
endreMoshaven vart grunnlagd i 1953 av flyktningar frå Irak under Operasjon Ezra og Nehemja. Dei første nybyggjarane i Gan HaDarom budde i ein ma'abara-leir i nabolandsbyen Gan Yavne fram til infrastrukturen var på plass for ei permanent busetjing. I 1957-8 vart det bygd nye tjue hus, og 15 familiar frå Polen flytta inn i dei.[1]
I dag bur det 118 familiar i moshaven. Dei fleste innbyggjarane arbeider i dag i nærliggande byane Ashdod og Yavneh og berre få innan jordbruk.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gan HaDarom» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 117. ISBN 965-7184-34-7. (he)