Opna hovudmenyen

Gan Yavne (hebraisk skrift גַּן יַבְנֶה) er ein by i sentrale Israel, like ved byen Ashdod. Gan Yavne vart grunnlagd i 1931 og vart lokal kommune i 1950. Han ligg aust for Tel-Aviv–Ashkelon-vegen, og grensar i vest til Ashdod, i nord til Gederot regionale kommune, og i aust og sør til Be'er Tuvia regionale kommune. I 2011 hadde Gan Yavne eit folketal på 22 000.[1]

Gan Yavne
גַּן יַבְנֶה, Gan Yavneh
lokal kommune
Gan Yavne 2.JPG
Gan Yavne rådhus
Namneopphav: Yavne-hagen
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 31°47′N 34°43′E
Areal 10,6 km²
Folketal 22 000 (2011)
Folketettleik 2 075 / km²
Grunnlagd 1931
Borgarmeister Aharon Dror
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Gan Yavne

HistorieEndra

Gan Yavne vart grunnlagd i 1931 av selskapet Achuza Aleph. Dette var skipa av fleire jødiske familiar frå Russland og Polen som hadde slått seg ned for ei stund i USA. Inspirasjonen til namnet «Gan Yavne» kjem frå nærleiken til det historiske Yavne.

VenskapsbyarEndra

Gan Yavne er venskapsby med:

KjelderEndra

  1. «Living under the rocket's roar», Jerusalem Post
  2. «Puteaux - Qu'est-ce que le jumelage?». Mairie de Puteaux [Puteaux Official Website] (på fransk). Arkivert frå originalen 2013-11-26. Henta 28. desember 2013.