Opna hovudmenyen

Gan HaShlosha nasjonalpark (hebraisk גן השלושה, tyder: «Parken til dei tre»), òg kalla Sahne (arabisk الساخنة, tyder «Den varme (kjelda)»), er ein nasjonalpark i Israel. Han ligg nær Beit She'an og har naturleg varmt vatn som ein kan symje i året rundt.

Gan HaShlosha nasjonalpark
nasjonalpark
Gan Hashlosha National Park Pool1 200704.JPG
Naturleg varmt vatn i Gan HaShlosha
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°30′20″N 35°26′52″E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Gan Hashlosha
Basseng i Gan HaShlosha

Kjelda spring fram i vestlege delar av parken, og held ein temperatur på 28 ºC året rundt. Amalelva som kryssar parken, er blitt utvida til fleire basseng.[1]

Ei gammal vassmølle er restaurert på staden . Ein modell av Tel Amal, ein gammal busetnader sett opp av jødiske pionerar natt til 10. desember 1936 etter britane la ned forbod mot jødiske busetnader, finst i parken.

Museum for regional og Middelhavsarkeologi ligg i parken.[2]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Gan HaShlosha nasjonalpark
  2. Olympics for Peace