Yavne (hebraisk skrift יַבְנֶה), stundom skrive Jamnia, er ein by i Det sentrale distriktet i Israel. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde byen på slutten av 2009 eit folketal på 33 000.[1]

Yavne
by
Land  Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 31°53′N 34°44′E / 31.883°N 34.733°E / 31.883; 34.733
Areal 10,7 km²
Folketal 33 000  (2009)[1]
Folketettleik 3 084 / km²
Grunnlagd 1949
Borgarmeister Zvi Gov-Ari
Kart
Yavne
31°53′00″N 34°44′00″E / 31.883333333333°N 34.733333333333°E / 31.883333333333; 34.733333333333
Wikimedia Commons: Yavne

Historie endre

 
Grav frå 1100-talet i Yavne der rabbien Gamaliel av Yavne og Abu Hurairah, ein følgjesvein til Muhammed, visstnok skal ligge.

Yavne var ein av dei store antikke byane på den sørlege kystsletta, 20 km sør for Jaffa, 15 km nord for Ashdod og 7 km aust for Middelhavet.[2] Det er gjort utgravingar på ein gammal haug ved byen. I somme tider, særleg i bysantinsk tid, spreidde busetnaden seg over sletta og åsane kring haugen.[2]

Det vart gjort utgravingar i 2001 som avdekte fleire gravplassar ved nordsida av haugen. Dei fleste av daterte til seinare jernalderen. Ei grav vart funnen å vere frå seint i bronsealderen.

Bibelen refererer til Yavne'el (Josva 15:11; 2 Krøn. 26:6-8) (stundom skrive som Jebneel), ein grenseby mellom stammeområda til Juda og Dan. I romartida vart byen kalla Iamnia, òg skrive Jamnia. Han gjekk i arv frå kong Herodes til systera Salome. Då ho døydde gjekk han til keisar Augustus som tok landsbyen som sin private eigedom, ein status byen hadde i minst eit hundreår.[3]

Etter øydelegginga av Det andre tempelet i 70 evt., flytta Yochanan Ben Zakkai sanhedrinen til Yavne. Somme forskarar trur det såkalla Jamnia-rådet møttes der. Sanhedrinen drog frå Yavne til Usha i 80 evt. og kom attende til 116 evt.

 
Mamluktårnet i Yavne

Krossfararane kalla byen Ibelin og bygde ei borg der i 1141. Namnet kjem frå adelsfamilien Ibelin, som var viktig i kongedømet Jerusalem og seinare i Kongedømet Kypros. Ibelin vart erobra av Saladin i 1187. Utgravingar vest for haugen har avdekt 53 krossfararmyntar frå 1100- og 1200-talet.[4]

Maqam Abu Hurayra, skildra som «eit av dei finaste mausolea med kuppel i Palestina», ligg i Yavne. Sidan 1100-talet har det vore kjend som grava til Abu Hurairah, ein følgjesvein (sahaba) til den islamske profeten Muhammed. Etter 1948 vart heilagdomen teken av over av sefardiske jødar som trur grava er gravstaden til rabbien Gamaliel av Yavne.[5]

Før Israel vart grunnlagd, låg den arabiske landsbyen Yibna der.[6]

 
Yavne East jernbanestasjon

Utdanning endre

I følgje CBS var det i 2001 16 skular og 7 445 elevar i Yavne.

Økonomi endre

 
Bustadområde frå Mamelukkbrua.

Store selskap som er basert i Yavne er mellom andre Ormat Industries, Aeronautics Defense Systems, Avisar og Orbotech.

Idrett endre

Maccabi Yavne er den største fotballklubben i byen. I 1980-åra spelte klubben i den øvste divisjonen og i 1985 vann dei Toto-cuppen. I dag spelar dei i Liga Leumit. Basketballaget Elitzur Yavne spelar i Liga Leumit frå 2007.

Venskapsbyar endre

Yavne er venskapsby med:

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 1. oktober 2014. 
  2. 2,0 2,1 Rural settlement i vicinity of Yavneh i bysantinsk period
  3. Kletter, Raz (2004). «Tel Yavne». Excavations and Surveys in Israel 116. Arkivert frå originalen 19. juli 2011. Henta 12. april 2015. 
  4. Shimron, Ilanit (6. april 2009). «מטמון נדיר נמצא בחפירות ארכיאולוגיות בתל יבנה» [Rare Treasure Found in Excavations at Tel Yavne] (på hebraisk). Ynet.co.il (local). Henta 12. april 2015. [daud lenkje]
  5. Maier et al., (1950:22) Sitert i Petersen, Andrew (2002). A Gazetteer of Buildings in Moslem Palestine: Volume I (British Academy Monographs in Archeology). Oxford University Press. s. 313. ISBN 978-0-19-727011-0. 
  6. Buchennino, Aviva (2006). «Yavne Final Report». Excavations and Surveys in Israel 118. Arkivert frå originalen 19. juli 2011. Henta 12. april 2015. 

Bakgrunnsstoff endre