Gardon (eller Gard) er ei elv sør i Frankrike, og har gjeve namn til departementet Gard. Gardon er 133 km lang, medrekna den lengste sideelva hennar, Gardon de Saint-Jean. Ho har sitt utspring i Cevennane og munnar ut i Rhône frå høgre ved Beaucaire, ovanfor Vallabrègues.

Gardon
elv
Pont du gard v1 082005.JPG
Gardon ved Pont du Gard
Land Flag of France.svg Frankrike
Nedslagsfelt 2 200 km²
Lengd 133 km
Middelvassføring 32 /s
Kjelde Cevennane
Munning Rhône

Gardon
44°14′46″ N 3°43′51″ E
Wikimedia Commons: Gardon

Fleire av sideelvane hennar vert òg kalla Gardon.

Den romerske akvedukten Pont du Gard og Pont Saint-Nicolas frå 1500-talet er to historiske bruer som kryssar Gardon. Gorge du Gardon, som endar ved Pont Saint-Nicolas, er ein populær stad for kajakkpadling, kanoroing, fjellklatring og vandring.

I september 2002, og igjen i desember 2003, hadde Gardon rekordstor vassføring som førte til flaum. Desse øydela fleire av bruene over elva, inkludert Pont Saint-Nicolas, som har vorte gjenoppbygd i etterkant.

Stader langs elvaEndra

La Grand-Combe og Alès ligg ved Gardon d'Alès, den største sideelva frå venstre.

BakgrunnsstoffEndra