Garmon (russisk гармо́нь), ofte kalla garmosjka, frå garmonika (russisk гармо́ника), som tyder 'harmonikа'), er ein type russisk knappetrekkspel. Det har to knapperader på høgre sider som gjev noter på ein diatonisk skala], og minst to rader på venstre side som speler hovudakkordane i tonearten til instrumentet og dei harmoniske molltonane til parallelltoneartane hans. Mange instrument har fleire knappar på høgresida med nyttige halvnoter, tilleggsakkordar på venstresida i tilknytte toneartar, og ei rekkje frie bassknappar som gjer det lettar å spela bass til melodiar.

Garmon

Klassifiseringtrekkspel, knappetrekkspel
Hornbostel-Sachs klassifisering412.132

Instrumentet blir brukt til å spela russisk folkemusikk og populærmusikk, og er viktig i musikktradisjonar frå Kaukasus (ossetisk, azerisk, armensk, georgisk, tsjerkessisk, osb.) og mariar i Volga- og Uralområda. Instrumentet er også utbreidd i Slovenia, der det er kjent som harmonika. Den slovenske spelestilen er forskjellig frå den russiske. Det finst over 300 populære ensemble for instrumentet i Slovenia, som regel sett saman av fleire songarar og ein trekkspelar.

Kjelder

endre