Gassco
Gassco er eit norsk statleg aksjeselskap som koordinerer transport av gass frå den norske kontinentalsokkelen til Europa. Selskapet utviklar og administrerer eit nettverk av over 6600 km røyrleidningar.
Gassco | |||
![]() | |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 983452841 | ||
Bransje | Petroleumsverksemd | ||
Skipa | 14. mai 2001 | ||
Eigar | Energidepartementet | ||
Hovudkontor | Kopervik | ||
Land | Noreg | ||
Tenester | Kårstø gassbehandlings- og kondensatanlegg | ||
Nettstad | http://www.gassco.no/ |
Selskapet er operatør for terminalane Zeepipe (Belgia) og Dunkerque (Frankrike). I tillegg for transportsystema Gassled, Haltenpipe og Norne gasstransportsystem.
Selskapet har hovudkontor i Kopervik i Rogaland.
Gassco vart stifta av Olje- og energidepartementet den 14. mai 2001 og overtok operatøransvaret for transport av all gass frå den norske kontinentalsokkelen frå 1. januar 2002. Tidlegare var dette ansvaret delt på fleire ulike selskap.