Kårstø gassbehandlings- og kondensatanlegg

Del av Kårstø-anlegget
Foto: Jarle Vines
Europipe II forsyner Europa med gass
Foto: Jarle Vines
Gasskraftverket under bygging
Foto: Jarle Vines

Kårstø gassbehandlings- og kondensatanleggKårstø i Tysvær kommune i Rogaland er eit prosessanlegg for fleire av Statoil sine gassfelt i Nordsjøen og Norskehavet.

Anlegget vart bygd i 1980-åra for å handsame gass frå den nordlege delen av Nordsjøen via røyrleidningsystemet Statpipe. Den første gassen kom til anlegget 25. juli 1985 og vart send vidare til Emden i Tyskland oktober same år. Statpipe fører gass frå dei fleste felta på Tampen i Nordsjøen, som Statfjord, Gullfaks, Veslefrikk og Brage.

Sidan oktober 2000 har Kåstø-anlegget òg motteke gass frå felt i Norskehavet gjennom røyrleidningen Åsgard Transport. Desse felta er Åsgard, Heidrun, Norne, Draugen, Mikkel og Kristin.

Etter ei utviding i 2005, i samband med oppstarten til Kristin, har anlegget ein kapasitet på 88 millionar kubikkmeter gass dagleg.[1]

I tillegg til naturgass, tar Kårstø imot kondensat frå Sleipnerområdet. Dette vert handsama i eit anlegg som starta opp i 1993 og det ferdige produktet vert frakta ut med skip.

ProsesseringEndra

På Kårstø-anlegget vert våtgass (NGL - Natural Gas Liquids) skild ut frå naturgassen og ut frå denne vert der produsert LPG (liquiefied petroleum gas som er propan, normal butan og isobutan), nafta og etan. LPG vert transport til kundar i heile verda med skip.

Tørrgassen som vert att vert eksportert gjennom røyrleidningen Europipe II til Dornum i Tyskland og gjennom Statpipe og Norpipe til Emden.

GasskraftverkEndra

Selskapet Naturkraft har bygd ett gasskraftverk på Kårstø. Gasskraftverket er for tida i ein prøveperiode der det leverer nærare 400 GWh, som dekkjer årsbehovet til om lag 20 000 husstandar[1]

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra