Gaysir
Gaysir er eit norsk nettsamfunn med homofile, lesbiske og bifile som målgrupper. Det vart starta 22. september 2000. Målet er å gje nettenester til målgruppene, både gjennom kontaktannonser, ordskifteforum og nyhendetenester.
Gaysir | |||
Type nettstad | Nettsamfunn | ||
---|---|---|---|
Tilgjengeleg på | Norsk (bokmål) | ||
Grunnlagd | 200022. september 2000 | ||
Eigar | Gaysir AS | ||
Nettstad | www |
Ved starten av 2011 har tenesta over 47 225 medlemer.
Gaysir blir drive av Gaysir AS, ansvarleg redaktør er Jim R. Høyen
Namnet «Gaysir» er eit ordspel på geysir og det engelske ordet «gay» som tyder homofil.