Gdynia (tysk Gdingen (fram til 1939), Gotenhafen (1939-1945); kasjubisk Gdiniô) er ein by i Pommerske voivodskap i Polen og ei viktig hamn ved Gdańskbukta på sørkysten av Austersjøen.

Gdynia
Świętojańskagata
Świętojańskagata
Świętojańskagata
Flagget til Byvåpenet til
Flagget til Byvåpenet til
Motto
«Gdynia - miasto z morza i marzeń»
(Gdynia - ein bygd ut av sjøen og draumar)
Plassering
Gdynia is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Polen
Pommerske voivodskap
Byrettar 10. februar 1926
Borgarmeister Wojciech Szczurek
Geografi
Flatevidd
 - By

136 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

252 443
  1856/km²
Koordinatar 54°30′0″N 18°32′0″E / 54.50000°N 18.53333°E / 54.50000; 18.53333
Høgd over havet 0-205 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 81-004 til 81-919
Telefon-retningsnummer +48 58
Bilnummer GA
Nettstad: www.gdynia.pl

Han ligg i regionen Kasjubia i Aust-Pommern og er ein del av eit storbyområde i lag med kurstaden Sopot, byen Gdańsk og fleire forstader, som i lag dannar storbyområdet Trippelbyen (Trójmiasto), som har over ein million innbyggjarar.

Gdynia fekk byrettar i 1926, og er ein av Polens yngste byer. Han har status som distriktsnivåby.

Historie

endre
 
Kosciuszko-plassen, Dar Pomorza til venstre, Havtårna til høgre.

Namnet «Gdynia» vart for første gong nytta i 1253 om ein kasjubisk fiskeby. I 1789 var det 21 hus i landsbyen. Som del av Pommern var han ein polsk provins frå om lag 990 til 1308. I 1309-1310 vart han erobra av Den tyske riddarordenen (1309-1454/66), men vart så del av Det kongelege Preussen i Kongedømet Polen (1466-1772). Under den første delinga av Polen i 1772 vart han annektert av Kongedømet Preussen (1772-1870), og vart seinare som del av Preussen del av Det tyske keisardømet (1870-1920). I 1870 hadde landsbyen Gdingen 1200 innbyggjarar.

Etter Versailles-traktaten 1919 vart Gdynia saman med andre delar av det tidlegare Vest-Pommern ein del av den nye Republikken Polen. I 1921 starta konstruksjonen av ei sjøhamn i Gdynia, som vart utvikla til den viktigaste hamna i Den polske korridoren. Byen vart bygd seinare enn sjøhamna, og fekk byrettar i 1926. Gdynia byrja å vokse kraftig etter 1928 med ein folkesetnad på på 120 000 i 1939.

Byen og sjøhamna vart erobra og annektert av Nazi-Tyskland i september 1939 og gjeve namnet Gotenhafen. 50 000 polske innbyggjarar vart fordrive til Generalguvernementet og eigedommane deira konfiskert og gjeve til tyske nybyggjarar. Hamna vart i stor grad øydelagd då tyske tropper trekte seg tilbake i 1945 (90 % av bygningane vart øydelagd). I byen vart òg den tyske konsentrasjonsleiren Gotenhafen bygd, ein underleir av Stutthof. I 1945 vart byen erobra av sovjetarar og innlemma i det polske Gdańsk-voivodskapet.

Gdynia er vennskapsby med Kristiansand.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gdynia