Geir Rommetveit (fødd 27. april 1951) er ein tidlegare norsk nyhendejournalist og programleiar tilsett i NRK. Han byrja 15. februar 2008 i ny jobb som programleiar i Norge Rundt. Den jobben hadde han fram til og med 2. mai same år. Hausten 2008 takka han ja til sluttpakke og frå 1. januar 2009 var han ikkje lenger tilknytt NRK.

Geir Rommetveit
Fødd 27. april 1951
Yrke journalist

Rommetveit er mest kjend i Hordaland, då han var tilsett i NRK Hordaland si avdeling på Stord i ei årrekkje, fram til 1996, då han gjekk over til NRK Dagsnytt. Han har òg laga reportasjar for andre program på NRK.

Rommetveit er fødd og oppvaksen på Bryne i Rogaland fylke. Han er no busett i Bergen, der han lagar reportasjar både for lokal- og riksnyhenda. Han har òg ei fortid som lærar. Han er bror til Magne Rommetveit, ordførar i Stord kommune, og far til skodespelar Berte Rommetveit. Under tsunamien i 2004 var Rommetveit og familien på Sri Lanka.

BakgrunnsstoffEndra