Geir Tommy Pedersen

norsk politikar

Geir Tommy Pedersen (fødd 3. oktober 1964) er sametingsrepresentant for Norske Samers Riksforbund frå Gáisi valkrins. Han er busett i Tromsø, men kjem opphavleg frå Kåfjord.

Geir Tommy Pedersen
Geir Tommy Pedersen.jpg
Fødd 3. oktober 1964 (56 år)
Yrke politikar
Geir Tommy Pedersen på Commons

Pedersen har vore NSR-representant på Sametinget i perioden 1993-2005 og 2009-2013. I denne siste perioden er han nestleiar i nærings- og kulturkomiteen. Han har vore medlem av Samerådet frå 1996, var leiar frå 2003-2005 og dermed også representant i Arktisk Råd. Sidan 2005 har han vore medlem i fagrådet for Forum for urfolksspørsmål i bistanden, ved Universitetet i Tromsø. Sidan 2009 har han vore styreleiar for både Riddu Riđđu-festivalen og Arktisk Råds urfolksekretariat.

Frå 1996 til 1997 var han nestleiar i Norske Samers Riksforbund (NSR), og året etter var han leiar i eit år.

Pettersen er utdanna fiskerikandidat, og er sjølvstendig næringsdrivande. Han er gift og har to barn.

KjelderEndra