Siv Jensen

norsk politikar

Siv Jensen (fødd 1. juni 1969 i Oslo) er ein norsk politikar og tidlegare leiar av Framstegspartiet. Ho var finansminister i Regjeringa Solberg frå 2013 til 2020.[1] Etter at Jensen gav seg som partileiar vart ho dagleg leiar for Flyte som er ein organisasjon som arbeidar mot drukning i Noreg.[2][3]

Siv Jensen

Fødd1. juni 1969 (54 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar, samfunnsøkonom, selvstendig næringsdrivende, deltakar i internasjonale forum
InstitusjonarRedningsselskapet
Utdanna vedOslo Handelsgymnasium
Norges handelshøyskole
VervNorsk finansminister 16. oktober 2013– 24. januar 2020
FøregangarSigbjørn Johnsen
EtterfylgjarJan Tore Sanner
VervLeiar av Framstegspartiet 6. mai 2006–8. mai 2021
FøregangarCarl I. Hagen
EtterfylgjarSylvi Listhaug
VervParlamentarisk leiar av Framstegspartiet 5. oktober 2005– 17. oktober 2013
FøregangarCarl I. Hagen
EtterfylgjarHarald T. Nesvik
VervStortingsrepresentant 1. oktober 1997–
Alle verv

Biografi endre

Siv Jensen er oldebarn av kvinnesaksforkjemparen Betzy Kjelsberg, og er oppvaksen i Oslo. Søstera hennar, Nina Jensen, er i dag generalsekretær i WWF Noreg. Siv Jensen er ugift, og har tidlegare jobba både i mora si klesbedrift og som salskonsulent i Radio 1. Ho vart vald inn på Stortinget i 1997 og vart gjenvald i 2001 og 2005. I perioden frå 2001 til 2005 var ho leiar av finanskomiteen, medlem i den utvida utanrikskomiteen og Stortinget sin valkomité, og varamedlem i Stortinget sin delegasjon for forbindelsar med Europaparlamentet. Frå 2005 til 2013 har ho hatt plass i utanrikskomiteen.

Siv Jensen gjekk på Oslo Handelsgymnasium frå 1985 til 1988, og ho meldte seg inn i Frp fyrste gongen 18 år gamal. I 1992 vart Jensen styremedlem i Oslo Frp, same året som ho vart diplomøkonom ved Noregs Handelshøgskule si kursverksemd (NHHK). No skaut den politiske karrieren fart, ho blei vararepresentant på Stortinget i 1993, medlem av Oslo bystyre 1995-99 og medlem av sentralstyret i Frp 1998. Sidan 1999 har ho vore fyrste nestformann i Framstegspartiet. Jensen tok over som parlamentarisk leiar i FrP etter Carl I. Hagen 5. oktober 2005. Ho tok òg over som partiformann då Carl I. Hagen gjekk av 6. mai 2006.

Siv Jensen stilte som statsministerkandidat ved stortingsvalet 2009. Under dette valet fekk partiet 22,9 % oppslutning og 41 representantar, ei auke på 3 sidan førre val. Ved stortingsvalet 2013 ivra ho for ei borgarleg regjering med Høgre, KrF og Venstre, men at Frp berre ville stø opp om ei regjering dei sjølve var med i. Då regjeringsskiftet var vorte eit faktum under Framstegspartiets valvake, gjekk Siv Jensen opp på scena og sa: «Dette har jeg venta lenge på å si: Morna, Jens!» Seinare la ho også ut «Morna Jens» som statusoppdatering på Facebook. Mange reagerte på dette og syntes oppførselen var usmakeleg.[4]

Etter at det vart klårt at Høgre og Frp ville danna mindretalsregjering med støtte frå Venstre og KrF, presenterte Siv Jensen og Erna Solberg ei politisk plattform for den nye regjeringa på Sundvolden Hotel den 7. oktober.[5]Regjeringa Solberg vart utnemnd av Kongen i statsråd den 16. oktober, var Frp kome i regjering for fyrste gong i partihistoria. I denne regjeringa fekk Siv Jensen posten som finansminister.

Kjelder endre

Referansar

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Siv Jensen


  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.