Geiranger kyrkje
Geiranger kyrkje er ei åttekantkyrkje i Geiranger i Stranda kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1842 og er bygd i treverk (tømmer). Arkitekt var Hans Klipe. Kyrkja har 200 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Geianger kyrkje | |||
Geiranger kirke | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Møre | ||
Prosti | Austre Sunnmøre | ||
Sokn | Geiranger | ||
Fellesråd | Stranda | ||
Type | Åttekantkyrkje | ||
Arkitekt | Hans Klipe | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1842 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 124 | ||
Geiranger kyrkje 62°05′56″N 7°12′25″E / 62.0989°N 7.2069°E | |||
Wikimedia Commons: Geiranger kirke |
Ho er utsmykka av treskjærar Einar Flydahl. Altartavla frå 1902 og måla av Harald Brun. Motivet er den trøystande Kristus. Ei av kyrkjeklokkane er frå 1899. I 1964 fekk kyrkja orgel.
Geiranger kyrkje er soknekyrkje i Geiranger kyrkjesokn i Austre Sunnmøre prosti. Frå 1673 var Geiranger del av Norddal prestegjeld med hovudkyrkje i Norddal, frå 1861 var Geiranger saman med Sunnylven eige prestegjeld.
Tidlegare kyrkjer på staden
endreKyrkja er den tredje på staden. Det har truleg vore kyrkje der sidan kring 1450 og blir nemnt første gong i Trondhjems Reformats 1589. Også omtalt i 1665, 1709 og 1722. Koret og skipet var «halvt af stav og halvt af tømmer», halve taket vart rasert av storm i 1720.[1] Den fyrste kyrkja vart riven i 1742 og i 1744 stod ny kyrkje ferdig. Det var ei krosskyrkje som brann ned 2. juli 1841.[2]
Kjelder
endre- Om Geiranger kyrkje på nettstaden kulturnett.no
- Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Geiranger kirke», s. 301
Referansar
endre- ↑ Helland, Amund (1911): Topografisk-statisisk beskrivelse over Romsdals amt. Oslo: Aschehoug, s.348.
- ↑ Om Geiranger kyrkje på nettstaden kulturnett.no
Bakgrunnsstoff
endre- «Geiranger kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Om Geiranger kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Møre og Romsdal» på nettstaden til Arkivverket
- Eldre fotografi av Geiranger kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Geiranger kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren