Geitøya i Averøy
63°01′21″N 07°22′56″E / 63.02250°N 7.38222°E
Geitøya | |||
øy | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Averøy kommune | ||
Folketal | 0 | ||
Geitøya 63°01′23″N 7°22′59″E / 63.023055555556°N 7.3830555555556°E | |||
Wikimedia Commons: Geitøya (Averøy) |
Geitøya er ei øy i Averøy kommune, vest for Averøya. Atlanterhavsvegen går over øya og gir ho vegsamband via Eldhusøya vestover til fastlandet og austover over Storlauvøya til Averøya. Ho utgjer ein eigen matrikkelgard.
På Geitøya finst det bubilparkering, ein universelt tilrettelagt «fiskesti» og båtsamband til Håholmen. Øya er utan fast busetjing.
Folketalsutvikling
endre1801[1] | 1900[2] |
---|---|
9 | 11 |
Geitøya var del av Kvernes kommune fram til 1897, så Kornstad kommune fram til 1964 då Averøy kommune vart oppretta.
Kjelder
endre- ↑ Folketeljing 1801 for Kvernes prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Kornstad herred, frå Digitalarkivet