Opna hovudmenyen

Geita fyrstasjon er eit fyr som ligg på øya Geita i Buefjorden i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane.

Geita fyrstasjon
05 Geita Fyr (5671761171).jpg
FylkeSogn og Fjordane
KommuneAskvoll
FunksjonLeifyr
Oppretta1897
Koordinatar61°16.1492′N 4°48.6707′EKoordinatar: 61°16.1492′N 4°48.6707′E
Fyrtårn
Høgd31,0
FormLyktehus
Fyrlys
LyskarakterIsostase kvart 4. sekund
Lyshøgd42,8 moh
Lysvidde13,1 nm
Status
EigarStaten ved Kystverket
Automatisert1982
Avfolka1982
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Geita fyrstasjon is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Geita fyrstasjon

Fyrbygningen er i tre og har eit lyktehus med ein høg, spiss kuppel i det søraustlege hjørnet. Sjølve linsa står på eit smijernsfundament. Geita har vanskelege landingsforhold og eit naust som ligg nokre hundre meter frå resten av stasjonen, som òg har maskinhus og uthus, bustad og fjøs.

I dag driv Nordisk Kunstnersenter Dalsåsen med utleige av fyret for overnatting.

Den spesielle plasseringa på toppen av øya og det særeigne lyktehus gjer fyrstasjonen ein særeigen karakter og fyrstasjonen er verna etter lov om kulturminne.

Sjå ògEndra

KjelderEndra