Opna hovudmenyen

Koordinatar: 63°21′54″N 9°55′32″E

Geitastrand kyrkje
kyrkje
Geitastrand kirke.JPG
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Orkdal
Sokn Geitastrand
Fellesråd Orkdal
Type langkyrkje
Arkitekt Christian Heinrich Grosch[1]
Material tre[2]
Innvigd 3. november 1859[1]
Kyrkjegard ved kyrkja
Døypefont messingfat, frå kring 1700[2]
Altartavle frå 1712[2]
Sitjeplassar 250[2]
Wikimedia Commons: Geitastrand kirke

Geitastrand kyrkje står på garden Åstan på Geitastrand i Orkdal kommune i Trøndelag fylke, og er ei langkyrkje frå 1859.

Geitastrand kyrkje is located in Sør-Trøndelag
Plasseringa til Geitastrand kyrkje

Kyrkja er bygd i tre, og teikningane til bygget er truleg laga av Christian Heinrich Grosch.[1]

Før dei fekk Geitastrand kyrkje sokna folk i området til kyrkja på Viggja.[1] Då Viggja-kyrkja var vorten for lita vart det bygde nye kyrkjer i Børsa (Børsa kyrkje 1857) og på Geitastrand.[1] Ein del inventar vart flytt over frå Viggja-kyrkja til Geitastrand, mellom anna altertavla frå 1712 og eit dåpsfat i messing frå kring 1700.[1] Også kyrkjespiret vart flytt frå Viggja.[1]

Kyrkja er soknekyrkje i Geitastrand kyrkjesokn i Orkdal prosti.

InventarEndra

AltertavleEndra

Altertavla er i frå 1712 og er i barokkstil. Ho har krossfestinga som motiv.[2] Tavla stod opphavleg i Viggen kyrkje.[1]

DøypefontEndra

Dåpsfatet en er frå kring 1700 og er i hamra messing.[2]

KyrkjeklokkeEndra

Det er ei klokke i kyrkja, ho er frå 1859.[2]

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 «Om Geitastrand kyrkje på nettstaden til Orkdal prosti».  Vitja 17. juni 2009
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Geitastrand kirke». Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo Forlag. s. 241. ISBN 82-7527-022-7. 

BakgrunnsstoffEndra