Georg Henrik von Wright

Georg Henrik von Wright (uttalt fån vrigt) (14. juni 191616. juni 2003) var ein finlandssvensk filosof. Han var ein av dei fremste filosofane i tida med eit interessefelt som gjekk frå logikk og etikk til kultur- og vitskapsfilosofi. Han etterfølgde den austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein som professor ved universitetet i Cambridge.

Georg Henrik von Wright

Fødd14. juni 1916
Helsingfors
Død16. juni 2003
Helsingfors
NasjonalitetFinland
Yrkefilosof, universitetslærar, skribent
InstitusjonarHelsingfors universitet
University of Cambridge
Cornell University
Alma materHelsingfors universitet
Svenska normallyceum
DoktorgradsrettleiarEino Kaila
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
British Academy
American Academy of Arts and Sciences
Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien
Serbias vitenskaps- og kunstakademi

G. H. von Wright har publisert ei rekkje verk på svensk, finsk, engelsk og tysk. Han har òg redigert og publisert dei seinare arbeida til Wittgenstein. Gjennom sine siste tjue år, skreiv han fleire bøker om dagens samfunn og i kva grad framsteget vårt faktisk kan reknast som framsteg.

Han var påverka av den tyske filosofen Oswald Spengler, og oppdaga seinare i livet at òg Wittgenstein hadde lese arbeida til Spengler og til hans overrasking likt det.

Verk endre

  • The Logical Problem of Induction, doktoravhandling, 1941
  • Den logiska empirismen, 1945
  • Über Wahrscheinlichkeit, 1945
  • An Essay in Modal Logic, 1951
  • A Treatise on Induction and Probability, 1951
  • Tanke och förkunnelse, 1955
  • Logical Studies, 1957
  • Logik, filosofi och språk 1957
  • The Varieties of Goodness', 1963
  • Norm and Action, 1963
  • The Logic of Preference, 1963
  • Essay om naturen, människan och den vetenskaplig-tekniska revolutionen, 1963
  • An Essay in Deontic Logic, 1968
  • Time, Change and Contradiction, 1969
  • Tieteen filosofian kaksi perinnettä, 1970
  • Explanation and Understanding, 1971
  • Causality and Determinism, 1974
  • Handlung, Norm und Intention, 1977
  • Humanismen som livshållning, 1978
  • Freedom and Determination, 1980
  • Wittgenstein, 1982
  • Philosophical Papers I-III, 1983-1984
  • Filosofisia tutkielmia, 1985
  • Vetenskapet och förnuftet, 1986
  • Minervan Pöllö, 1991
  • Myten om framsteget, 1993
  • The Tree of Knowledge 1993
  • Att förstå sin samtid, 1994
  • Six Essays in Philosophical Logic 1996
  • Viimeisistä ajoista. Ajatusleikki, 1997
  • Mitt liv som jag minns det, 2001

Prisar og utmerkingar (utval) endre

Kjelder endre