Georg Reiss

Georg Michael Dødelein Reiss (12. august 186125. januar 1914) var ein norsk jurist, komponist og musikkgranskar. Han var far til Thorleif og Elisabeth Reiss, sjølv fødd i Christiania.

Georg Reiss
GeorgMichaelReiss.jpg
Fødd12. august 1861
Død25. januar 1914 (52 år)
OpphavNoreg
Verka somkomponist, musikkforskar, jurist
BornThorleif Reiss, Elisabeth Reiss

Reiss vart cand. jur. i 1886, og arbeidde som sekretær i Kyrkjedepartementet frå 1899 til 1908.

Han gjekk i musikklære hos Ludvig Mathias Lindeman, Otto Winther-Hjelm og Christian Cappelen. Seinare studerte han også musikk ved høgskulen i Berlin. Han var organist ved 'Petrus kyrkje' i Kristiania frå 1893 til 1914, og dessutan musikkmeldar i Dagbladet 1893-96, Nordisk Musikrevue 1903-06 og frå 1904 i Verdens Gang. Reiss skreiv ei kantate i 1902, og andre komposisjonar for song og kor, mellom anna eit kyrie for åtte røyster.

Med stønad frå Nansenfondet og som statsstipendiat frå 1908 studerte Reiss neumeskrift, paleografi og mellomaldersk musikkteori, offentliggjorde handskrifter frå Riksarkivet og maksla til to delar for St. Olav. Han disputerte til dr. philos. i 1913 på avhandlinga Musikken ved den middelalderlige Olavsdyrkelse i Norden. Det var første doktorgraden i norsk musikkhistorie.

VerkEndra

  • Det norske rigsarkivs middelalderlige musikhaandskrifter, 1908
  • Musikken ved den middelalderlige Olavsdyrkelse i Norden, 1912

KjelderEndra