Georg av Hessen-Darmstadt
Prins Georg Ludvig av Hessen-Darmstadt (1669–13. september 1705) var ein feltmarskalk i den austerrikske hæren. Han er kjend for karrieren sin i Habsburg-Spania, som statthaldar i Catalonia (1698–1701), øvstkommanderande i den austerrikske armeen i den spanske arvefølgjekrigen (1701–1705) og guvernør i Gibraltar i 1704. Han vart på spansk kalla Jorge de Darmstadt og på katalansk Jordi Darmstadt.
Georg av Hessen-Darmstadt | |||
| |||
Fødd | 25. april 1669 Darmstadt | ||
---|---|---|---|
Død | 14. september 1705 Barcelona | ||
Tittel | Liste over Gibraltars guvernører | ||
Gravstad | Church of Our Lady of Grace and Saint Joseph | ||
Land | Landgrevskapet Hessen-Darmstadt | ||
Mor | Elisabeth Dorothea von Sachsen-Gotha-Altenburg | ||
Far | Ludvig VI av Hessen-Darmstadt |
Tidleg liv
endreGeorg Ludvig av Hessen-Darmstadt var fødd i Darmstadt i Hessen i Tyskland i 1669,[1] Han var den tredje sonen til landgreve Ludvig VI av Hessen-Darmstadt. Faren døydde då han var ung, og han voks opp hos mora Elisabeth Dorothea av Sachsen-Gotha. I 1686 utførte han ei danningsreise gjennom Frankrike og Sveits. Som den yngste sonen hadde han liten sjanse til å verte landgreve og var derfor bestemt for ein militærkarriere.
Militærkarriere
endreFørst kjempa Georg Ludvig mot tyrkarane under prins Eugene av Savoie. Han var til stades i slaget ved Mohacs. Så vart han med Vilhelm III av Oranien i det irske felttoget. Etter han kom attende konverterte han til katolisisme og vart Generalfeldwachtmeister (generalmajor) i den austerrikske hæren i 1692, berre 23 år gammal.[1]
Han kjempa så mot franskmennene i niårskrigen. I 1695 vart han send av keisaren til Spania for å leie ein arme av 2 000 tyske soldatar for å støtte forsvaret av Catalonia mot den større franske armeen og marinen.[1]
I 1697 forsvarte han Barcelona, som var kringsett av Vendôme på land og admiral D’Estrées til sjøs.[1] Byen overgav seg til slutt etter 52 dagar.[1] Dette var etter ordre frå Madrid og mot ønsket til prins Georg Ludvig.
Seinare liv
endreEtter krigen vart han gjort ære på i Spania og slått til riddar i 1697 av Ordenen av det gylne skinnet.[1] Etter at franskmennene trekte seg ut, vart han statthaldar i Catalonia, og vart i spanske offisielle dokument omtalt som Jorge de Darmstadt. Han lærte seg noko katalansk og starta nokre reformer som gjorde han ganske populær i regionen. I 1699 vart han utpeikt til General der Kavallerie (kavalerigeneral).[1]
I 1700 døydde kong Karl II og vart etterfølgd av franske Filip V. Prins Georg Ludvig vart erstatta i 1701 av ein pro-bourbonsk statthaldar, Luis Antonio Tomás Fernández de Portocarrero, og han reiste attende til Austerrike. Der fekk han ordre frå keisar Leopold om å forhandle fram ein allianse med England og Portugal for å støtte krava til den spanske trona for sonen til Leopold, erkehertug Karl.
Då den spanske arvefølgjekrigen braut ut, vart han øvstkommanderande for dei austerrikske styrkane som støtta erkehertug Karl i Spania. I 1704, under hans kommando, gjekk 1800 nederlandske og engelske marinesoldatar i land nær Gibraltar, tok festninga og forsvarte så staden mot ei spansk-fransk omleiring og fleire påfølgjande åtak.[1] Då kringsetjinga var over i 1705, forlét han Gibraltar og tok kommando over erobringa av Barcelona. Han mista livet den 13. september under storminga av citadellet Montjuich.[1]
Prubs Georg Ludvig vart gravlagd i Església dels Josepets de Gràcia. Hjartet hans vart i 1711 sendt til Darmstadt, der det ligg i Stadtkirche enno. Ei gate i Barcelona er kalla opp etter han: Carrer del Príncep Jordi.
Sjå òg
endre- Zemlja Georga, ei øy i Frans Josefs land kalla opp etter prins Georg av Hessen-Darmstadt.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Prince George of Hesse-Darmstadt» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: