George Kooymans
nederlandsk songar, musikkprodusent, gitarist, komponist og skribent
George Jan Kooymans (fødd 11. mars 1948) er ein nederlandsk gitarist og songar. Han er mest kjend for arbeidet sitt med den nederlandske rockgruppa Golden Earring, som vart skipa av Kooymans då han var berre 13 år gammal i 1961 i lag med venen Rinus Gerritsen.[1] Kooymans skreiv «Twilight Zone», den einaste topp 10-singelen deira på amerikanske Billboard Hot 100. Songen gjekk òg til topps på Billboard Top Album Tracks-lista.[2]
George Kooymans | |||
Kooymans i 1974 | |||
Fødd | 11. mars 1948 (76 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Haag | ||
Fødenamn | George Jan Kooymans | ||
Opphav | Kongeriket Nederlanda | ||
Aktiv | 1961– | ||
Sjanger | hardrock | ||
Instrument | gitar, vokal | ||
Plateselskap | Universal Music Group | ||
Verka som | songar, musikkprodusent, gitarist, komponist, skribent, låtskrivar | ||
Prisar | Zilveren Harp |
Kooymans skreiv og produserte òg for andre artistar. I 2017 og 2018 gav han ut to album som medlem av Vreemde Kostgangers, ei nederlandskspråkleg supergruppe han skipa med Henny Vrienten (bassist i Doe Maar) og visesongaren Boudewijn de Groot.
Diskografi
endreSoloalbum
endre- Jojo (1971)
- Solo (1987)
- On Location (som Kooymans-Carillo med Frank Carillo) (2010)
Singlar
endre- «Lovin' and Hurtin'» / «For Gail» 1971
- «Lost For Love» / «The Devil Rides Again Tonight» 1987
- «The Beat Goes On» / «Again» 1987
- «World of Our Own» / «All Things Are Light» 1987
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «George Kooymans» frå Wikipedia på engelsk, den 23. november 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Huey, Steve. «Biography: George Kooymans». Allmusic. Henta 23. november 2019.
- ↑ Whitburn, Joel (2010). The Billboard Book of Top 40 Hits',' 9th Edition (Billboard Publications), page 259.