Geri Halliwell

britisk skodespelar, skribent og songar

Geraldine Estelle Horner, née Halliwell (fødd 6. august 1972), er ein engelsk songar, låtskrivar, skodespelar, forfattar, motedesignar, fotomodell og TV-personlegdom. Halliwell blei kjend på 1990-talet som «Ginger Spice», eit medlemmene i musikkgruppa Spice Girls. I 1998 forlét Halliwell Spice Girls for å skapa ein solokarriere, men kom seinare tilbake til gruppa då ho vart gjenforeint i 2007.

Geri Halliwell

Fødd6. august 1972 (51 år)
FødestadWatford i Hertfordshire i England
FødenamnGeraldine Estelle Halliwell
AliasGinger Spice
Tidlegare namnGeri Horner
OpphavStorbritannia
Aktiv1994 til i dag
SjangerPop, dansepop
Instrumentvokal
Stemmetypemezzosopran
Tilknytte artistarSpice Girls
PlateselskapVirgin Records, EMI, Capitol Records
Verka somsongar, låtskrivar, forfattar, skodespelar, motedesignar, fotomodell, TV-personlegdom
Gift medChristian Horner
Sambuar medChristian Horner

I 1999 byrja Halliwell solokarrieren sin og gav ut debutalbumet sitt, Schizophonic. Albumet inneheldt tre singlar som nådde førsteplassen på UK Singles Chart, «Mi Chico Latino», «Lift Me Up» og «Bag It Up», medan den første singelen «Look at Me» nådde andreplassen. I 2001 gav Halliwell ut det andre albumet sitt, Scream if You Wanna Go Faster. Den første singelen herfrå, «It's Raining Men», nådde førsteplassen på topplista i Storbritannia og vart den største hitten i karrieren til Halliwell. Dei påfølgjande singlane «Scream if You Wanna Go Faster» og «Calling» var vellykka og nådde åttandeplassen og sjuandeplassen i Storbritannia. I 2005 gav Halliwell ut det tredje albumet sitt, Passion, som inneheldt den verdsomspennande hitten «Ride It».

Diskografi endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Geri Halliwell