Germaine Acogny (fødd 28. mai 1944) er ein fransk-senegalesisk dansar og koreograf som er kjend for å ha utvikla moderne afrikansk dans frå og med skipinga av sitt eige dansestudio i Dakar i 1968.

Germaine Acogny
Fødd28. mai 1944 (80 år)
FødestadPorto-Novo
OpphavSenegal, Frankrike
Aktiv1968–
Verka somkoreograf, pedagog
Prisarridder av Løveordenen, ridder av Den nasjonale fortjenstorden, Officier des Arts et des Lettres, Bessie Award

Biografi

endre

Germaine Acogny blei fødd 28. mai 1944[1] i Porto-Novo i Benin[2] som dotter av Togoun Servais Acogny, ein kolonifunksjonær og forfattar av Récits d'Aloopho, som ho ærar i opptredenen À un endroit au début[3], og ein lærar.[4] Bestemor hennar var jorubaprest, og kom til å påverka den seinare dansen hennar.[5] Familien flytta til Senegal i 1948.[4]

Ho utdanna seg som gymnastikklærar i Dakar, og oppdaga fyrst ballett ved École Simon-Siégel i Paris i 1962.[4] Ho studerte vestleg klassisk og moderne dans i Paris og New York, og utvikla etterkvart sin eigen dansestil som bygde på denne og tradisjonell afrikansk dans.[5]

I 1968 grunnla ho eit dansestudio i Dakar.[6] Frå 1977 til 1982 leia Germaine Acogny Mudra Afrique, ein danseskule skapt av Maurice Béjart og president Léopold Sédar Senghor i Dakar. I 1980 gav ho ut boka La Danse africaine, som kom ut på tre språk.[6][7] Etter at Mudra Afrique blei stengd underviste ho ved L'Isle-Jourdain, 35 km unna Toulouse.[7] Deretter flytta ho til Brussel der ho arbeidde med kompaniet til Maurice Béjart og organiserte internasjonale danseverkstader med afrikansk dans som blei ein stor suksess. Ho hadde ei tid ein skule i den vesle landsbyen Fanghoumé i Casamance sør i Senegal, og fekk fleire tilreisande elevar.[5] I 1985 skipa ho saman med ektemannen Helmut Vogt «studio-école ballet-théâtre du 3e monde» i Toulouse.[5]

I 1995 bestemte Germaine Acogny seg for å venda tilbake til Senegal. I 1998 skipa ho foreininga Jant-Bi / l'École des Sables. Jant-Bi er eit dansekompani som har turnert over heile verda, og Acogny har laga fleire koreografiar for det.[8] I 1997 blei ho utnemnd til kunstnarisk leiar for dans ved Afrique en Création i Paris og for Rencontres chorégraphiques de danse africaine contemporaine, ei rolle ho hadde til september 2000. I 2004 opna ho eit internasjonalt senter for tradisjonell og moderne afrikansk dans med namnet «École des sables» i Toubab Dialo i Senegal. På slutten av 2010-talet fekk skule økonomiske vanskar etter at ein støttespelar, den nederlandske stiftinga Doen, ikkje lenger kunne gje bistand.[9] Skulen klarte likevel å halda fram. I 2020 trekte Germaine Acogny og Helmut Vogt seg tilbake frå drifta av skulen.[5]

Germaine Acogny er utnemnd til riddar av franske Ordre national du Mérite og offiser av Ordre des Arts et des Lettres og riddar av Ordre national du Lion du Sénégal. Ho vann ein BESSIE-pries(New York Dance and Performance Award) for Fagaala i 2007 saman med Kota Yamazaki.[5]

I 2014 blei ho lista opp blant «dei 50 mest innverknadsrike afrikanarane i verda» av bladet Jeune Afrique[10].

I 2019 hadde ho ei rolle i filmen Yao med Omar Sy i hovudrolla.

17. februar 2021 blei Germaine Acogny tildelt Gulløva for dans ved Venezia-biennalen.[11]

Koreografiar i utval

endre
  • 1987: Sahel, Acogny si første soloførestilling, utforma og dansa av henne
  • 1988: Ye' OU ('oppvakninga')[8]
  • 1988: Africa, this memorable body
  • 1994: Yewa, Eau sublime[7]
  • 1995: Z, for São Paulo byballett[8]
  • 2001: Tchourai, solo[8]
  • 2004: Fagaala, førestilling med Kota Yamasaki, knytt til folkemordet i Rwanda[6]
  • 2007: Les Écailles de la mémoire - Scales of memory med Jawole Willa Jo Zollar, samarbeid mellom Jant-Bi og Urban Bush Women[5]
  • 2007: Waxtaan[6]
  • 2007: Songook Yaakaar, solo[5]
  • 2016: À un endroit au début, regissert med Mikaël Serre[12]

Kjelder

endre
  1. «RECOMPENSE Biennale de la danse : Germaine Acogny, Lionne d’or à Venise». Le Quotidien. 18 février 2021. Henta 15. juli 2021. 
  2. Séverine Kodjo-Grandvaux (13. oktober 2010). «Germaine Acogny, une étoile dans le cosmos». Jeune Afrique. Henta 15. juli 2021. 
  3. «À un endroit du début - La Ferme du Buisson». www.lafermedubuisson.com. Henta 17. mars 2016. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Valérie Marin la Meslée (21. februar 2015). «Afrique - Germaine Acogny, elle fait danser le continent». Le Point. Henta 15. juli 2021. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 5,7 «Germaine Acogny», École des Sables (på engelsk), henta 16. oktober 2021 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Virginie Garandeau (2013), «Acogny, Germaine [Béninn 1944]», Le Dictionnaire universel des créatrices (Éditions des femmes), s. 38 .
  7. 7,0 7,1 7,2 «Cinquante-six compagnies à la Biennale de Lyon Le grand écart des Africains de France». Le Monde. 1. oktober 1994. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 «Germaine Acogny | FCA Grant Recipient», www.foundationforcontemporaryarts.org, henta 16. oktober 2021 
  9. Salma Niasse Ba (13 décembre 2018). «Au Sénégal, le rideau menace de tomber sur l’Ecole des sables de Germaine Acogny». Le Monde. 
  10. Michael Pauron (27 avril 2014). «Les 50 Africains les plus influents dans le monde». Jeune Afrique. 
  11. Léo Pajon (17. februar 2021). «La danseuse franco-sénégalaise Germaine Acogny décroche le Lion d’or à Venise». Jeune Afrique. 
  12. Mikaël Serre (6. juli 2015). «A un endroit du debut - Germaine Acogny - Mikaël Serre - YouTube». Henta 17. mars 2016. 

Bakgrunnsstoff

endre

Bibliografi

endre
  • Germaine Acogny, Danse africaine - Afrikanischer Tanz - African dance, Francfort-sur-le-Main, Fricke ; Abidjan ; Dakar, Les Nouvelles Éditions Africaines, 1980, 112 p. ISBN 3-88184-038-9.
  • « Les 100 personnalités qui font l'Afrique », Jeune Afrique, no 2450-2451, du 23 décembre au 5 janvier 2008, p. 58.
  • Fabrice Hervieu-Wane, « Germaine Acogny. La danse africaine est universelle », dans Dakar l'insoumise, Éditions Autrement, Paris, 2008, pp. 54-61.