Omar Sy
Omar Sy (fødd 20. januar 1978) er ein fransk skodespelar og komikar.[1]
Omar Sy | |||
| |||
Fødd | 20. januar 1978 (46 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Trappes | ||
Aktive år | 2000– | ||
Verka som | skodespelar, komikar, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar, manusforfattar | ||
Prisar | Globe de cristal, César for beste mannlige hovedrolle, Time 100 |
Bakgrunn
endreOmar Sy vaks opp i Trappes, som er ein forstad utanfor Paris. Han er son av ein senegalesisk far frå Fulani-folket og ei mauritansk mor som budde nær Paris.[2] Opphavleg ynska Sy å verta teknikar for varme, ventilasjon og sanitærteknologi og ferda til Senegal.[2] Mellom 1996 og 1997 yrkte han på den franske radiostasjonen Radio Nova, der han møtte Fred Testot. Omar Sy vart sett saman med Testot i fjernsynsprogrammet Omar et Fred på Canal+, noko som gjorde han for fullt kjend i Frankrike.
Det internasjonale gjennombrotet til Sy kom med filmen De urørlige saman med François Cluzet. Filmen vart ein stor suksess i Frankrike, der han vart årets mest suksessrike innanlandske produksjon med meir enn 19 millionar sjåarar. I 2012 vart Omar Sy den fyrste ikkje-kvite skodespelaren som vann César-prisen for beste skodespelar for rolla i filmen De urørlige.[3] Sy spelte hovudrolla som Bishop i X-Men: Days of Future Past, oppfylgjaren til X-Men: First Class.
Den 5. juli 2007 gifta han seg med Hélène, saman har dei fem born. I 2012 flytta familien til Los Angeles.[4][5]
I 2017 vart Sy medlem av Det amerikanske akademiet, som deler ut Oscar-prisane årleg.
Filmografi i utval
endre- 2001 – La tour Montparnasse infernale
- 2002 – Samouraïs
- 2006 – Nos jours heureux
- 2009 – Tellement proches
- 2009 – Micmacs à tire-larigot
- 2009 – Safari
- 2011 – Intouchables (De urørlige)
- 2012 – Les seigneurs
- 2012 – De l’autre côté du périph
- 2014 – X-Men: Days of Future Past
- 2014 – Good People
- 2014 – Samba
- 2015 – Jurassic World
- 2015 – Burnt
- 2016 – Chocolat
- 2016 – Inferno
- 2016 – Demain tout commence
- 2017 – Knock
- 2018 – Yao
- 2018 – Le flic De Belleville (Belleville Cop)
- 2019 – Le Chant du loup (The Wolf's Call)
- 2021 – Lupin
- 2022 – Tirailleurs (Father & Soldier)
- 2022 – Jurassic World Dominion
- 2023 – The Book of Clarence
- 2024 – The Killer
Kjelder
endre- ↑ «Omar Sy | Biography, Movies, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 17. mars 2023
- ↑ 2,0 2,1 Stefan Locke: Omar Sy im Gespräch: „Ich bin ein freier Mensch.“ i Frankfurter Allgemeine Zeitung publisert 25. mars 2013.
- ↑ «"The Artist" et Omar Sy, stars des César 2012», France 24 (på fransk), 25. februar 2012, henta 17. mars 2023
- ↑ «Omar Sy», gala.de (på tysk), henta 17. mars 2023
- ↑ «Arsène Lupin, Hollywood, French cinema: all you need to know about Omar Sy», TV5MONDE États-Unis (på engelsk), henta 17. mars 2023
- Denne artikkelen bygger på «Omar Sy» frå Wikipedia på tysk, den 17. mars 2023.