Gerry Adams

Gerry Adams (fødd 6. oktober 1948) i Belfast i Nord-Irland er ein irsk politikar. Han var partileiar for det republikanske partiet Sinn Fein frå 1983 til 2018, og før det nestleiar frå 1978. Han var ikkje-møtande medlem av det britiske parlamentet for valkrinsen West Belfast og har vore representant i det regionale nordirske parlamentet. I 2011 blei han vald inn i det irske Underhuset for Louth.[1][2]

Gerry Adams
Gerry Adams Easter Lily Badge cropped.jpg
Fødd 6. oktober 1948

Belfast

Parti Sinn Féin
1. verv Leiar av Sinn Féin
 - periode 13. november 1983-10. februar 2018
 - føregangar Ruairí Ó Brádaigh
 - etterfylgjar Mary Lou McDonald
2. verv Leiar for Sinn Féin i Dáil Éireann
 - periode 9. mars 2011-10. februar 2018
 - føregangar Caoimhghín Ó Caoláin
 - etterfylgjar Mary Lou McDonald
3. verv Leiar for Sinn Féin i Nord-Irland
 - periode 10. april 1998-8. mai 2007
 - etterfylgjar Martin McGuinness
4. verv Teachta Dála
for Louth
 - periode 25. februar 2011-
5. verv Nordirsk parlamentsmedlem
for Belfast West
 - periode 25. juni 1998-7. desember 2010
 - etterfylgjar Pat Sheehan
6. verv Britisk parlamentsmedlem for Belfast West
 - periode 1. mai 1997-26. januar 2011
 - føregangar Joe Hendron
 - etterfylgjar Paul Maskey
Ektefelle Collette McArdle
Barn 1
Nettstad: sinnfein.ie/contents/20204

Adams har vore aktiv i politisk arbeid sidan tidleg på 70-talet. Han var i perioden 1972-77 internert av britane. Han vart vald til det britiske parlamentet i 1983 og 1997, men nekta å ta sete fordi han ikkje ville sverja truskap til dronninga. Adams var sentral i samband med våpenkvilen til IRA i 1994, og i forhandlingane som førte fram til langfredagsavtalen i 1998.

KjelderEndra

  1. «Gerry Adams». Oireachtas Members Database. Henta 28. desember 2018. 
  2. «Gerry Adams». ElectionsIreland.org. Henta 6. mars 2011. 

BakgrunnsstoffEndra