Gerry Conway
britisk musikar
Gerald Conway (fødd 11. september 1947) er ein engelsk trommeslagar og perkusjonist som er mest kjend som trommeslagar i backingbandet til Cat Stevens i 1970-åra, medlem av Jethro Tull i 1980-åra og som medlem av Fairport Convention dei siste åra. Conway har òg arbeidd mykje som studiomusikar.
Gerry Conway | |||
Conway & Fairport Convention: Cropredyfestivalen i Oxfordshire 12. august 2006 Foto: Brian Marks | |||
Fødd | 11. september 1947 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | King's Lynn i Norfolk i England | ||
Død | 29. mars 2024 (76 år) | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1970 til i dag | ||
Sjanger | Folkrock, rock, folk, elektrisk folk | ||
Instrument | trommer, perkusjon | ||
Tilknytte artistar | Jethro Tull, Cat Stevens, Alun Davies, Fairport Convention, Fotheringay, Eclection, Steeleye Span | ||
Plateselskap | Island Records, | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, plateprodusent |
Gerry Conway har vore trommeslagar for banda Fotheringay og Eclection. I dei tidlege åra deira nytta òg Steeleye Span Conway som trommeslagar. Conway spelte på den no klassiske songen deira, «Dark-Eyed Sailor». Som studiomusikar har han spelt med Sandy Denny, Shelagh McDonald, Wizz Jones, John Cale, Jim Capaldi og andre. Han har turnert og spelt inn musikk som medlem av bandet til Cat Stevens i seks år.
Diskografi
endreMed Cat Stevens
endre- 1971: Teaser and the Firecat
- 1972: Catch Bull at Four
- 1973: Foreigner
- 1974: Buddha and the Chocolate Box
- 1974: Saturnight
- 1975: Numbers
- 1978: Back to Earth
- 2004: Majikat
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gerry Conway (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 3. februar 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Biografi på Jethro Tull si offisielle nettside Arkivert 2006-08-28 ved Wayback Machine.