Back to Earth av Cat Stevens

Back to Earth
Studioalbum av Cat Stevens
Utgjeve 3. desember 1978
Innspelt November 1978
Studio Sweet Silence Studios i København i Danmark;
Le Studio i Morin Heights i Canada;
Advision Studios i London i England;
CBS Studios i New York City;
Long View Farm i North Brookfield i Massachusetts
Sjanger Softrock
Lengd 32:51
Selskap Island (UK/Europe)
A&M (US/Canada)
Produsent Paul Samwell-Smith
Cat Stevens
Cat Stevens-kronologi 
Izitso
(1977)
Back to Earth Majikat
(2004)


Back to Earth er det ellevte studioalbumet til den engelske songar/låtskrivaren Cat Stevens. Det er det einaste albumet han spelte inn under namnet Cat Stevens etter at han konverterte til islam fram til utgivinga i september 2017 av The Laughing Apple, det femtande studioalbuma hans (kreditert «Yusuf / Cat Stevens»). Det var òg det siste albumet med moderne vestleg musikk som han spelte inn før An Other Cup, 28 år seinare.[2]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

Bakgrunn

endre

Den 8. desember 1977 vart Stevens tildelt «Sun Peace Award» av Symphony for the United Nations i New York City. Den 23. desember 1977 gjekk Stevens inn i Regent's Park Mosque i London og omfamna formelt islam.

Den 4. juli 1978 skifta Steven Georgiou namn til Yusuf Islam. Sjølv om han ønskte å trekkja seg tilbake frå populærmusikken etter den religiøse konverteringa si, skylde Islam plateselskapet sitt Island/A&M eitt «Cat Stevens»-album til under platekontrakten sin.[3]

Yusuf spelte inn dette albumet i november 1978 gjenforeina med produsenten sin frå tidleg på 1970-talet, Paul Samwell-Smith, og arrangør Del Newman, i tillegg til gitaristen hans, Alun Davies, trommeslagaren Gerry Conway, som ikkje hadde vore med på det førre albumet til Stevens, Izitso frå 1977. Davies var med på å skriva to nye songar. Det gamle teamet hadde no kome saman igjen for å fullføra den siste plata. Albumet vart spelt inn fleire stader, mellom anna i Sweet Silence Studios i København, Longview Farms i Massachusetts, Advision i London og CBS i New York City, og vart fullført i Le Studio i Quebec.

På dette tidspunktet bad Yusuf fem gonger dagleg, og øktene fekk eit melankolsk preg, ettersom det var underforstått at dei skulle bli det siste. Den 3. desember 1978 vart albumet Back to Earth gitt ut. Same dag som albumet kom ut, døydde far til Yusuf, Stavros Georgiou. Ettersom han ikkje var villig til å marknadsføre albumet med ein turné, nådde det berre ein 33. plass på Billboard-lista, og singlane «Bad Brakes»/«Nascimento», og «Randy»/«Nascimento» gjorde det dårleg på listene. Den britiske singelutgivinga, «Last Love Song»/«Nascimento», gitt ut på Island i februar 1979 nådde heller ikkje hitlistene. Det skulle bli det siste albumet til songaren på 28 år, inntil An Other Cup vart gitt ut i 2006.

Back to Earth har vender attende til den akustiske gitarlyden frå dei tidlege 1970-talsalbuma til Stevens som Tea for the Tillerman. To av songane, «Just Another Night» og «Last Love Song», uttrykkjer bitterheit over korleis han vart handsama av musikkindustrien, med tekstar som «If you don't want me, maybe I don't want you. »[4] I songen «Never» indikerer likevel Stevens at han kanskje vil venda tilbake til musikken ein dag, «There's going to be another time; there's going to be another moment.» Til slutt ville han venda tilbake til populærmusikken.

Innhald

endre

Alle songar er skrivne av Cat Stevens, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Just Another Night» 3:49
2.«Daytime»Stevens, Alun Davies3:55
3.«Bad Brakes»Stevens, Davies3:27
4.«Randy» 3:12
5.«The Artist» (instrumental) 2:32
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Last Love Song»3:27
7.«Nascimento» (instrumental)3:16
8.«Father»4:08
9.«New York Times»3:24
10.«Never»3:01

Medverkande

endre

Salslister

endre
Liste (1978/79) Plassering
Australia (Kent Music Report)[5] 89
USA (Billboard 200) 33

Kjelder

endre
  1. Allmusic review
  2. http://www.allmusic.com/artist/p5528/charts-awards
  3. http://www.catstevens.com
  4. Intervju av Chris Isaak for The Chris Isaak HourA&E TV, april 2009
  5. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 293. ISBN 0-646-11917-6.